|
|
|
|
|
Naboklage på hyttevedtak ÅSE DVERGSDAL , 19.01.10 Advokat Olav Felland sendte i forrige uke ei klage til Drangedal kommune og Fylkesmannen i Telemark, på vedtaket om hyttebygging på Solberg Søndre. Advokaten klagar på vegne av Thor Wraa I desember vedtok kommunestyret hytteutbygging på Solberg Søndre, gnr 13, bnr. 3. Vedtaket opnar for utbygging av vel 100 hytter i dette området, ned mot Toke. I forrige uke mottok Drangedal kommune ei klage på vedtaket. Klaga er frå advokat Olav Felland, på vegne av Thor Wraa. Thor Wraa er eigar av granneeigendomen til eigedomen som reguleringsplanen omfattar. Reguleringsplanen legg opp til at all hyttetrafikk, anleggstrafikk og masseuttak skal gå over eigedomen til Thor Wraa.
Felland skriv i klaga at vegløysing og nedbygging av strandsona må endrast. Unngå nabokonflikt –Det er viktig at ting skjer på riktig måte og i riktig rekkefølgje. Slik kan utbyggjinga bli noko positivt også for naboane. Det er til alle sitt beste å hindre konfliktar, seier Thor Wraa til Drangedalsposten. Han understrekar at det er foreslått tre alternative vegløysingar mot det planlagte hytteområdet, og at det difor burde vere mogleg å finne ein veg alle kan einast om. Stort grustak Den vedteke reguleringsplanen inneheld dessutan eit stort grustak. Grustaket blir etter planen på 37,7 daa, og det vil verte teke i ti meters høgde. I klaga heiter det at kommunen ikkje har vurdert dette som massetak, fordi det skal brukast til hyttefeltet. Det er likevel slik at det vil vere trong for under ti prosent av massa til hyttefeltet. Utbyggjar skriv sjølv at det vil vere nok masse til minst fem hyttefelt på denne storleiken. Utkøyring av massen vil gå rett ved tunet til Thor Wraa, og i klaga heiter det at dette vil vere til stor ulempe for han. Friareal Klaga gjeld dessutan at det ikkje er teke omsyn til at Wraa vil bli friarealleverandør for hyttefelta til både Bråthen og Hassel. Dette blir ein realitet og ein konsekvens for ein landbrukseigedom som ikkje er ein del av planen, og som Wraa krever at må utgreiast. Klaga frå Olav Felland og Thor Wraa vil bli handsama under formannskapet i februar. Her vil det bli avgjort om klaga blir teke til følgje eller ikkje. « Tilbake |
|
MENINGSMÅLING
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||