Anna Henriette Straume.
Anna Henriette Straume.

Kan me være stolte av bygda vår?

Leserinnlegget er skrevet av Anna Henriette Straume, tidligere elev ved Drangedal 10-årige skole.

I det siste har det skjedd nokke som har vore etterlengta i mange år her i Drangedal. Det at det har foregått mobbing på barne-og ungdomsskulen, har vore kjent for dei aller fleste knytta til det som i dag heiter Drangedal 10-årige skole.

I mediene seiast det at dette er Drangedals mørke hemmelighet, men sannheten er vel at det ikkje har vore ein hemmelighet. Sannheten er at nå får folk utanfrå Drangedals grenser au et innblikk i åssen det er å vokse opp i bygda vår. Mange har stått fram, men det er bare et fåtall av alle unge som har blitt mobba på skulane i Drangedal gjennom tidene.

Eg har ikkje opplevd mobbing sjølv, men som tidligere elev har eg vore tilskuer til mobbing, trakassering og rasisme på høgt nivå. Eg va ikkje bedre enn nokken andre te å sei ifrå, det va liksom ikkje et stort tema. Det å være vitne til mobbing eller oppleve det sjølv er dessverre ein del av å være elev på både barneskulen og ungdomsskulen i Drangedal.

Det er ikkje moro som Drangedøl å høre om alle mobbesakane, men det er slik realiteten er og har vore. Åssen realiteten i framtida vil se ut, er ikkje satt. Det er den me kan gjøre nokke med. Eg synes at me skal være stolte av å bu i ein så fin kommune som Drangedal, men hvem kan være stolte av ei bygd som er kjent for mobbing gjennom mange tiår? Det kan iallfall ikkje eg, og det burde ikkje du heller.

Drangedal har mykje fint med seg, men det er mange mørke historier i gangane på skulen vår, enten om me vil eller ei. Det handler om samhold og et godt fellesskap, det er nokke ein ikkje får på ein- to- tri. Det er nokke ein må jobbe for over lengre tid. Det er nokke alle må være villige til å bidra til. Det er nokke som må vedlikeholdes, og ikkje minst er det nokke me i Drangedal kan få te sammen. Alle skal med, slik må det vere om me vil ha Drangedal med inn i framtida.

Anna Henriette Straume