Ville bli flygar, blei bussjåfør

Drangedalsposten har vore på besøk hos ein kjend mann i Drangedal, Knut Bergane (92) som bur i Stemmenveien (Costa nok) Han vaks opp på gardsbruket Øvre Bergane i Tørdal og seier at han heile livet har hatt ”flyfeber”, men flygar blei han aldri.

Knut fortel at han hadde nokre flytimar med Arne Gofjell frå Kragerø. Han hadde sjøfly og Knut fortel at han ein gong han var på ein slik time fann dei på at nå skulle dei ta turen opp til Toke og Neset, der kjærasten hans, Solveig var. Bygdekunstnaren Olav Heia var bestefar hennar. Men først var Knut hos bakaren i Kragerø og kjøpte ein stor pose med wienerbrød.
– Eg ringde opp til Neset og sa at nå måtte dei sette over kaffekjelen for om ikkje så lenge ville det lande ein fugl som var noko større enn det som til vanleg var å se der oppe.
– Dermed bar det oppover til Toke og Vefall. Det tok nokre få minutter og eg hugsar at Arne herja med meg oppe i lufta med alle slags manøvrar hit og dit, opp og ned, så ein blei temmeleg hugælen, men ned kom me og kaffi og wienerbrød blei det, minnas Knut og smiler.
– Eg fann snart ut at det å ta flysertifikat blei for dyrt og også kronglete på andre måtar.
– ”Flyfeberen” har eg skjøtta ved at eg har vore på mange store flystevne, mellom anna på Rygge. Der var det store og svært interessante flystevner, hugsar Knut, og viser meg eit flymagasin med sidene fulle av diverse fly.



God oppvekst
Knut fortel at han vaks opp på Bergane og at han gjekk på Lohne skule. Her var læraren Karl Øvretveit.
– Dette var ein sers god lærer som nok var ein kulturpersonleghet i bygda. Flink til å skrive dikt og han samla mange dialektord frå Tørdal som er samla i et av dei første hefta frå ”Det var eingong – Minner frå Drangedal”.
– Om barndommen seier han at den var god. Han vaks

opp med to søstre, og etter kvart blei han ”arbeidskar” på garden. Ikkje minst i ”anntida” (høyonna) kunne det verta hektisk. Knut hugsar og godt ein episode då det ein dag kom ein mann og søkte arbeid mot mat og losji. Det fekk han etter litt tenketid. Han sa at han kunne litt av kvart av arbeid og det stemte. Eg blei mest imponert over han då han var i smia og smidde. Dette er ting eg hugsar som har brent seg inn i hukommelsen. Han var her nokre veker før han reiste, like stille som han kom.
– Var dette ein fant, eller omreisande, eller kva var han og kor kom han frå?
– Nei, det veit me lite om. Eg trur ikkje han var fant, men årsaka til at han ba om husrom og mat i betaling for arbeid, det veit eg ikkje, seier Knut.

Veddrifter
– Det kom i gang store veddrifter i Drangedal og Tørdal under krigen og Knut fekk prøve seg med å lesse på reisved og lagved på lastebilane. Veden blei transportert til jernbanestasjonen i Stranda og her blei den tippa av og folk der lasta opp på jernbanevogner. Mykje av veden me sende gjekk til Oslo og det var ein del kalde vintrar i krigsåra.
– I 1948 tok Knut sertifikat og det blei ein del køyring etterkvart som ”reservesjåfør” Det kunne være det eine og det andre då dei var ibeit for sjåfør og då var eg grei å ha.
– Etterkvart fekk han fast jobb som rutebilsjåfør i Drangedal Bilruter. Her var det køyring lokalt i Drangedal, men etterkvart ble det mykje turkøyring om somrane. Mellom anna blei det mange turar til Nordkapp. Dette var populære turar, minnes Knut og seier at alle kilometrane han køyrde til Nordkapp hadde utgjort ein runde rundt jordkloden.

Kunne bli sliten



– Kor mange dager tok ein slik tur?
– I starten var det ein tur på 14 dagar, men på slutten blei dette kutta ned til 13. Eg var aleine som sjåfør og det kunne ofte vere hardt og køyre så mange mil kvar dag. Det var ikkje fritt for at ein kunne bli veldig sliten etter ein slik tur.
– Heldigvis var kona mi, Solveig, med som reiseleiar og eg kunne konsentrere meg heilt og fullt om køyringa.
– Det var vel ikkje så nøye med kvilebestemmelsar heller på den tida?
– Nei, dette er nok blitt mykje striksare nå i dei seinare åra, fastslår Knut.
– Og uhell av større slag slapp de unna?
– Ja, me var heldige og hadde vel ikkje større uhell i det heile tatt. Me hadde bussar, Volvo, som er av topp kvalitet og det er ein god følelse når du på ein måte kan stole på at bussen du køyrer ikkje stoppar bak neste sving, ler Knut.
– Men det var ikkje bare til Nord-Noreg du køyrde, det blei mange utanlandsturar og?
– Ja, det er sikkert og visst. Eg hadde mange turar til Finland, men elles også i Europa og de fleste landa der. Eg køyrde og firmaturer mellom anna til Tsjekkoslovakia, nå Tsjekkia, og den store traktorfabrikken der, Zetor. Dette var ein traktor det blei kjøpt ein del av au i Drangedal. Den var billeg og kvaliteten var nok så som så, minnast Knut.

Litauenhjelpa
– Knut Bergane har ikke berre køyrd buss i sitt liv. På fritida var han i mange år med på Litauenhjelpa og 24 gonger var han med på hjelpesendingar dit. Ein av pådrivarane for denne hjelpa var Nils Tommy Lefsaker. Ein god del av de me sendte til Litauen vart samla inn i Drangedal. På den første tida eg var der var like etter kommunisttida. Då var det store kvite kollektivbruk og masse kyr på dei store slettene det er der. I dag er det nok slik at mykje av jorda ligg meir brakk. Dei baltiske landa var eit slags matkammer for russerane tidligare og er det vel fremleis, seier 92-åringen.
– I 1995 fekk Knut frihetsmedalje då han var i Pasvalys i Litauen i samband med byens 500 årsjubilum. Då var det stor festivas og Knut frå Noreg kom i sentrum og fekk frihetsmedalja.
– Det var stort, seier han.

Få uhell
– I 1988 fekk han gullklokke etter 25 år som sjåfør i bilrutene.
– Korleis klarte du det utan å kollidere eller køyre utfor gjennom alle desse åra?
– Eg må vel sei at det kunne vere nære på nokre gonger og ein liten kollisjon blei det på meg. Me hadde med nokre passasjerer som skulle rekke toget i Drangedal og tida var veldig knapp. Eg konfererte med disponenten om me skulle prøve å rekke toget og slik blei det. Eg måtte speede på og så i ein sving smalt det. Heldigvis blei ingen skadd ved kollisjonen, men den andre bilen måtte på verkstaden.
– Var det din skyld dette da Knut?
– Ja, visst var det min skyld. Det gjekk nok litt for fort den eine gongen, men når eg tenker attende så er det godt å hugse på at ein har vore så heldig og sluppe unna alvorlege trafikkuhell, seier bussveteranen og smiler.
– Knut Bergane har alltid vore en pertentlig og korrekt person som ein kunne stole på og han seier ikkje meir enn han kan stå inne for. Nå bur han aleine i leiligheten i Costa nok etter at kona Solveig døde i 2010.

Litt einsam
– Korleis var det å bli aleine etter 50 års ekteskap med Solveig?
– Åra etter ho døde har ikkje vore gode år for meg. Eg hadde ei rasande flink dame som kunne det meste. Eg kan nesten ikkje se for meg henne utan at ho hadde noko i hendene. Mellom anna laga ho mange sengetepper og ho stilte opp der nokon trong ho. Eg vil sei ho var et arbeidsmennske utanom det vanlege, pågangsmot og vennlighet var hennars merke, seier Knut rørt om kona si.
– Føler du deg einsam her i sentrum av Drangedal?
– Eg tykkjer at det er stille her. Eg har ikkje så veldig ofte besøk, så det blir mange gonger at ein sit i stolen og minnast tider som ein gong var, avsluttar Knut Bergane som framleis er ein oppegåande kar, klar i hovudet etter å ha nådd ein alder av 92 år.

Nils J. Sætre

Artikkelen fortsetter under annonsen.