Ordfører i Drangedal Tor Peder Lohne (Sp). Illustrasjonsbilde

Stå saman - ved å halde avstand

Gode Drangedølar!
Me står i ei krevande tid, både her i kommunen og ellers i landet, i samband med koronaviruset.
Når eg skriver detta er det framleis ikkje påvist covid-19 i Drangedal, men antal personar som har testa positivt for viruset på landsbasis er aukande. Det er heilt urealistisk å tru at smitte ikkje vil påvisast her.
All innsatsen som gjøras nå handlar om å beskytte dei som er ekstra sårbare om dei blir smitta. Hensikten med tiltaka som treffast er likevel ikkje å stoppe viruset, for det er neppe mogleg. Poenget er å fordele smittespreiinga over tid, slik at samfunnet til ei kvar tid har kapasitet til å behandle dei som blir sjuke av viruset.
Ved å redusere smitte, reduserer ein faren for tap av liv, og ein bidrar til å sikre at samfunnsfunksjonane våre fungerer over tid! Dei viktigaste smitteforebyggande tiltaka er dei me alle kan gjøre; holde seg heime, ha god hygiene, holde avstand til andre og følge myndighetenes råd!
Lokalt har dette sjølvsagt konsekvenser. Alle skular og barne­hagar er som kjent stengt, og me har innført besøksforbud ved helseinstitusjonane våre, blant fleire andre tiltak som er sett i verk.
For det lokale næringslivet slår dette også inn med full kraft. Fleire bedrifter har allereie stoppa all aktivitet, og risikerer at det vil bli slik lenge. Det vil bli verre før det blir bedre. Framover vil det bli usikkerhet. Usikkerhet om nokon er smitta. Usikkerhet om korleis ein skal klare seg økonomisk, med bortfall av inntekter, samt mange andre utfordringar.
Som kommune gjør me vårt beste for å skape trygghet. Tilsette i alle deler av kommunen har gjort, gjør, og vil framover gjøre ein stor innsats i denna situasjonen. Beredskapsleiinga har daglege møter, gjør vurderingar og treffer tiltak fortløpande.
Folk er også veldig flinke til å ta forholdsreglar. Takk til alle som bidrar!
Trass utfordringane og det som vil komme, så håpar eg me klarer å få noko godt ut av dette også. Nå har me mogleg­heiten til å vise at me er i stand til å ta vare på kvarandre. At me kan stå saman - ved å halde avstand til kvarandre.
Med helsing
Tor Peder Ordførar