Snu bygda opp ned!

Eg er veldig glad i å kikke på kart. Eit kart avslørar mykje om staden folk bur, kva som tradisjonelt har vore naturlege grenser, ferdselsårer og næringsgrunnlag. Eit kart over Drangedal avslører at me har ganske naturlege grenser. Folk bur stort sett i nokre striper langs vassdraga, og dei store skauviddene mot nabobygdene er stort sett folketomme. Slik har det vore i hundrevis av år, og slik er det framleis.



Men: Eit kart er ikkje statisk, det er i stadig endring. Nye strekar teiknast inn. Dei kallast vegar og jernbanar, og kan på kort tid snu geografien i ei bygd eller i ein by på hovudet. Alt ein trudde ein visste om sentralt og avsides kan bli forrykka kraftig. No er dette i ferd med å skje i Drangedal, og politikarar og næringsliv må henge med!
Me veit at ein ny E-18 kjem gjennom Bamble og store delar av Agder. Me veit at denne vil korte ned reisetidene til Oslo og Kristiansand med om lag ti minutt, kanskje meir. Sjølv om ikkje ein einaste meter av denne vegen går gjennom Drangedal, vil dette vere den største samferdselsmessige endringa i bygda sidan jernbanen kom. I praksis vil dette gjere at kortaste vegen til Oslo for oss som bur ovanfor Straumekrysset ikkje lenger går over Kilebygdheia, men ut til Gjerdemyra. Har de tenkt over kva dette vil gjere med bygda vår?
Til no har næringsområde og hus i Drangedal blitt plasserte ut frå nærleik til allereie eksisterande infrastruktur. Denne har vore meir eller mindre uendra sidan ferja over Vefallsundet blei erstatta av Straumebrua. Ein har etablert næringsområde etter tanken «ute av syne, ute av sinn», gjerne med bratte og svingete tilkomstvegar gjennom skuleplassar og bustadsområde, så det er eit sjansespel å komme fram med semitrailer. Dei har vore tilpassa næring i Drangedal, for Drangedal. Ingen har våga kikke utanfor Drangedals grenser.
Det er på høg tid å innsjå at me er ein del av ein større region, og at med ny E-18 gjennom Bamble og stadig større delar av Agder, ligg Drangedal ekstremt sentralt plassert! Visste de at viss ein teiknar ei luftlinje mellom Oslo og Kristiansand, så hamnar midten av denne på Sannes? Dei ytre delane av bygda har eit enormt potensial, og me må leggje til rette for det!
Konkret vil eg foreslå at me set som mål for neste fireårsperiode å ha eit ferdig regulert næringsområde på Krokheia, klart for innrykk. Me må få til opprusting av vegar og bruer, og byrje frå E-18 og jobbe oss oppover mot resten av bygda. Og til slutt, det vanskelegaste for ein del av oss: Me må tørre å innsjå at det befolkningsmessige midtpunktet i Drangedal kjem til å flytte seg til Kroken skulekrins. Det forstår sjølv ein kjosunge som meg. Det fortel nemleg kartet meg.
Eg meiner Drangedal har ei strålande framtid, og håpar veljarane gir meg sjansen til å forme bygda eg er i kommande kommunestyreperiode.

Eivind Vrålstad
5. kandidat, Drangedal
Senterparti 2019-2023