Kommunedirektør i Drangedal, Hans Bakke.

Om profesjonalitet og føreseieleg forvaltningspraksis i kommunen

Drangedalsposten har fleire artiklar i siste utgåve der det kjem fram sterke påstandar om kommunen sin profesjonalitet i ulike saker knytt til teknisk sektor. Kommunen kan sjølvsagt ikkje føre ein diskusjon om einskildsaker i media. Eg vil like vel koma med nokre generelle kommentarar til sakskomplekset.

Om innkjøp

Eg er på generelt grunnlag opptatt av at kommunen skal vera profesjonell i alle samanhengar. Vi skal vera ein lærande organisasjon som kvar dag strevar etter å gjera jobben vår litt betre. Slik sett er eg glad for at det no blir sett fokus på våre innkjøpsrutinar. Lov om offentleg anskaffelsar er komplisert og ikkje alltid like lett å følgje opp i praksis. T.d. er det skilnad på dei kriteria som gjeld for å bli kvalifisert for å bli med i ein konkurranse og dei kriteria som gjeld for bli tildelt sjølve oppdraget. Først må ein tilbydar bli kvalifisert for konkurransen, så kan han vera med å konkurrere om å få tildelt oppdraget. Kriteria for å oppfylle desse to krava vil vera ulike.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

La meg likevel slå fast heilt tydleg: Drangedal kommune skal drive si verksemd innafor gjeldande lovar og reglar. Vi meiner vi har gjort det i saka om innkjøp av brøytetenester. Skulle det likevel vise seg at vi har gjort feil, må vi sjølvsagt rette på det. Skulle saka ende med ei klage til Kofa (klageorganet for offentlege anskaffelsar) ser vi ikkje det som problematisk. Med utgangspunktet i ambisjonen om å vera ein lærande organisasjon vil kommunen vil sjølvsagt rette seg etter dei vedtak som eventuelt blir fatta der.

Om det å vera føreseieleg

Det blir i ein av artiklane hevda at kommunen er lite føreseieleg. Det tek vi til etterretning. Min forventning til organisasjonen er at vi skal vera «tidlege, tydlege og føreseieleg». Kva tyder nå det? Jo at vi tidleg i prosessen skal tydeleg formidle dei krav som lovverket stiller til ein aktivitet som nokon ønsker å setje i gang. I saker knytt til plan- og bygningslova er det min erfaring at dette likevel kan bli oppfatta som krevjande av einskilde næringsaktørar. Det blir ofte sett på som byråkratisk og lite servicevenleg. Mitt inntrykk så langt i kommunen er at plan- og bygningslova har blitt praktisert romsleg overfor næringslivet. Det inntrykket bygger eg både på min erfaring frå arbeid med klagesaker hjå fylkesmannen, og dei sakene eg har sett så langt i kommunen. Over tid har dette tydelegvis likevel blitt lite føreseieleg, både for næringslivet og kommunen. Kanskje fordi me i etterkant prøvar å hanke inn tidlegare vedtak som var litt for upresise/romslege? Det er ikkje uvanleg i slike saker, også andre stader enn i Drangedal. Det er som i skihopping – kjem ein skeivt ut frå hoppkanten er det vanskeleg å gjennomføre eit godt skihopp.

Min konklusjon etter denne saka er derfor at vi må halde fast på formalitetane - då kjem me raskast fram til mål og slepp unødige ekstra rundar for å rydde opp i uklarheter. Det er bare ein slik forvaltningspraksis som er føreseieleg for alle involverte, og det er ein fordel både for næringslivet og for kommunen. Ï tillegg gir det likskap for loven slik at vi ikkje bidrar til uheldig konkurransevriding ved at nokon oppnår fordelar som andre ikkje får.

Dessutan er det viktig for vårt omdømme å ta på alvor at norsk lov skal gjelde, også i Drangedal. Den skal gjelde både for kommunen og næringslivet, uansett om investeringa er på 1 eller 10 mill. kr.

Drangedal 21.10.2020

Hans Bakke

kommunedirektør