Tor Peder Lohne (Sp) Ordfører i Drangedal. Illustrasjonsbilde

Ein ny normal

Det er no litt over ein månad sidan me først såg dei største samfunnsmessige omveltningane sidan andre verdskrig, med konsekvensar for folk over heile verda. Koronaviruset ein trussel mot folkehelsa, og me må rekne med at tida med restriksjonar i samfunnet blir langvarig. Det er gledeleg å sjå at folk tilpassar seg situasjonen og bryr seg om kvarandre.
Så mykje som mogleg av dagleglivet skal fungere vidare. Måndag 20. april åpnar barnehagane att. Måndag 27. april åpnar skulane for ungane som går i første til og med fjerde klasse. Regjeringas bestemmelsar er i tråd med faglege råd, og dette er ein trinnvis og trygg gjenåpning. Drangedal kommune vil sørge for gode rutiner i tråd med regjeringas pålegg, som bidrar til at dette skal bli trygt.
Samtidig skal me alle framleis bidra til å redusere smitte mest mogleg. Det er viktig at me alle fortsetter å følge og å ha tiltru til ­myndighetenes råd.
Koronaviruset bidrar til at me tenker og handlar på nye måtar. Eg trur det óg kjem gode ting ut av dette. Kreativiteten er stor, og både folk og næringsliv tar i bruk ny teknologi for å samhandle. Eg trur me i større grad blir opptatt av det nære og kjære, av å handle meir lokalt og å sette pris på godene me har i vårt lokalsamfunn.
Koronaviruset er ein ny normal. Takk for at du følger myndighetenes råd, og takk for at du bryr deg om andre. Fortsett med det.

Med venleg helsing
Tor Peder Lohne
Ordførar