Idrettsmann: Harald Tveitkåsa var ein av dei mange Harald'ane. Kjørketenaren var ein sprek og sterk mann som fekk mange medaljer for lange kast med diskos, kule, spyd og slegge.

Harald og Haraldsen i Tørdal

Små men gode tankar om gamle tider i nabolaget

Og Olav het son og Olav het far, dei Olav på Olav var.

Ja, tradisjonen med å kalle opp er gamal, og held seg. Men om ikkje søner og døtre får same heile namn som dei gamle, så i alle fall førebokstaven.

På Bø i Tørdal var det Harald og Haraldsen som gjekk att i fleire generasjonar. Den siste var, eller truleg er Harald Tveitkåsa. Faren var Tor Tveitkåsa, som var gift med Gunhild Haraldsen Moen og som hadde seks sysken. Mora heitte Liv og skreiv seg for Moen, etter naboeigedomen til Bø Nedistua på andre sida av elva.

Liv (1850-1944) var gift med Harald Moen. Han var postbud og frakta posten oppover dalføret. Var det føre til det, .skuva han sparken på den hestebrøyta vegen. Så var han utstyrt med piggstavar og sette seg frampå og staka avgarde. D e t var vel mest høveleg på heimturen som hadde og har noko fall. Sparken med piggstavane er i dag på Drangedal Bygdetun.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Liv Moen kan eg hugse som etter mitt syn var veldig gammal, eg var bare såvidt begynt som skulegut. Eg var fleire gonger inne i stua, der ho låg til sengs. Ho snakka, og ho song for meg, og etterpå spurde ho

- "håssen toss du sangen min va". Og så hadde ho ei regle med navn som ho undra seg over. Eg hugsa bare to av navna - Napoleon og Australien.

STOR KATTEFARM

Liv slokna altså i 19 Eg hugsar litt av den dagen. Far fekk låne hesten til Jørgen Tengelsen på Framigard på andre sida av elvestraumen. Dei brukte ei høyvogn uten grindane til å frakte kista opp til kjørrgården (gravplassen) Det som ennå står så klart i tanken etter alle desse åra, var at folk i grannelaget hadde lånt den store bedehuskjelen for å koke kaffi (var vel ein krisekafffi) Dei tok av loket så det lukta sterkt av kaffi i stua, der det var samla ein liten flokk etter gravferda. Kaffilukta skulle overdøyve kattelukta, for den var veldig sterk. Dottera Marie hadde ein heil farm - visstnok vel 20 katter på den tida, og dei skulle inn om kvelden - der dei gjorde frå seg der det passa. Marie kom heim til oss med kattekulla i ei fliskorg, far var visst fast til å avlive dei små. Ho heldt seg for augene og sukka til Gud då ho ga korga frå seg. Det hendte au at ho tok dei som var sjøldaua og hadde ei lita tingle som ho ringte med der ho grov dei ned. Dette var ei tid då slikt som p-tabletter til katter var eit ukjent begrep, så hannkattene i flokken hadde fritt fram - Navnet Marie var gjerne Mærja som folk sa - og med alle kattene var det helst katt-Mærja på folketunga, Men litt langt tilbake: Marie hadde au ein fin liten jordbæråker som ho hegna om. Eg var engasjert til å bere mange seksliters fliskorger til butikken ein dryg kilometer unna. Det vanka noka småører i betaling, og truleg var dette mi første inntekt - (før blåbær og

tyttebærtida)

FJØSMATERIALER TIL AMERIKA

To av Haraldsen-søskena reiste til Amerika, og blei der - Tor

1889-1980 og Jon 1892-1981. Den eine planta ei gran like ved huset då han reiste. Treet var kjempestort då naboar tok seg på å sage det ned for nokre år sidan. Marie spurde meg ein gong om eg trudde ho kunne få selt grana til mast for ein Amerikabåt. Maria var fødde i 1881 og døydde i 1970. Søskena i junaiten lengta vel heim båe to. Det var visst Jon som lengta mest, og til då han var liten heime.og laga fjøs med konglar til dyr. Han skreiv brev om nokon kunne samle litt slikt materiale og sende det, så kunne han oppleve litt av det gamle i heimen sin. Eg jelpte med å finne konglar og litt småkvist som blei sendt over til eventyrlandet.

Kjørketenar Harald Tveitkåsa og hans kjære Malli frå Ettestad overtok huset i Moen, som dei moderniserte som nytt. Dei to hadde også kjærleg omsorg for Marie Haraldsen så lenge ho levde.

Eilert Kvernes

Artikkelen fortsetter under annonsen.