Klar: Sandstranda er ekstra stor og klar for turister med godt nedtappa Toke.

Det kan kome fleire turistar til Drangedal i sommar

I ei fersk undersøking svarar seks av ti nordmenn at dei kjem til å feriere i Noreg i sommar. Berre ein av ti seier dei skal ha brorparten av ferien i utlandet.

– Det er overraskande lågt. Eg hadde trudd fleire ville reise på utanlandstur denne sommaren, seier kommunikasjonssjef i Frende, Heidi Tofteraa Slettemoen. Undersøkinga er gjort av Norstat på oppdrag frå Frende.

Samstundes viser tal frå Avinor at veka etter påske er den første sidan pandemien som er på 2019-nivå. Flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs seier at det er talet på innanlandsreiser som no passerer tala for 2019. Utanlandstrafikken er ein god del lågare, sjølv om han er aukande, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Mange er tydelegvis ikkje klare for å reise til utlandet igjen. Då vi spurde nordmenn før fellesferien i fjor, skulle 25 prosent ut av landet. Då stod vi midt i massevaksinering og ein usikker situasjon. No, eitt år seinare, har ikkje talet auka til meir enn 39 prosent, seier Heidi Tofteraa Slettemoen.

Folk i Møre og Romsdal og Nordland har den lågaste delen av folk som vil til utlandet. Der er det færre enn 25 prosent som skal til utlandet.

– Det er mogleg at mange nordmenn rett og slett har sett kor fint det er med noregsferie, og at dei blir verande her av den grunn, seier ho. Ho trur også at krigen i Ukraina også er ei faktor som gjer mange meir usikre og avventande.

Folk i Oslo er dei som er mest lystne på utlandet. Her svarar 60 prosent at dei kjem til å leggje ferien til eit anna land. Og det er aldersgruppa 40–49 år som er mest ivrige til å reise ut av landet.

Fylkesoversikt

Her er fylkesoversikta over kor mange som seier dei vil feriere i utlandet:

Oslo – 58 prosent

Innlandet – 41 prosent

Viken – 40 prosent

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trøndelag – 39 prosent

Troms og Finnmark – 38 prosent

Vestland – 38 prosent

Vestfold og Telemark – 38 prosent

Rogaland – 29 prosent

Agder – 27 prosent

Nordland – 25 prosent

Møre og Romsdal – 22 prosent

Artikkelen fortsetter under annonsen.

(Kjelde: Frendeundersøkelsen)