VEKS FORT: Sitkagrana kan veksa opptil dobbelt så fort som vanleg gran langs kysten.

Opnar for meir planting av framande treslag i norsk natur

Miljø- og landbruksstyresmaktene står fast ved forslaget som tillèt skogeigarar å plante sitkagran og andre utanlandske treslag. – Uforståeleg, meiner Naturvernforbundet.

– Vi skjønar rett og slett ikkje kva slags logikk dei har brukt for å gi etter for lobbypresset frå skogeigarane, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, til Nynorsk pressekontor.

Naturvernforbundet og fleire andre miljøorganisasjonar protesterte høglydt då Miljødirektoratet tidlegare i vår sende forslaget ut på høyring. Dei hadde forventa forbod mot dei omstridde treslaga. Men direktoratet har no konkludert med at det er forsvarleg å tillate regulert bruk av sitkagrana, også kalla pøbelgran, og andre framande treslag i Noreg. Ei tilråding om dette blei denne veka send til Klima- og miljødepartementet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I framlegget blir skogeigars ansvar for å drive spreiingskontroll skjerpa og konkretisert.

KRITISK: Leiar i Naturvernforbundet Truls Gulowsen er svært kritisk til at det blir opna for å plante framande treslag. Biletet er frå ein aksjon framfor Stortinget nyleg i ein annan samanheng.

– Vi synest det er merkeleg at Miljødirektoratet framleis vil akseptere at skogeigarar plantar ut framande artar som har vist seg å gjere vesentleg skade på norsk natur. Vi forstår det rett og slett ikkje. Pøbelgran er eit aukande problem, særleg på Vestlandet, med nedgrodde øyer og naturområde langs kysten. No får vi håpe at flest mogleg skogeigarar tar ansvar og seier nei til å plante ut framande treslag sjølv om det er lov, seier Gulowsen i Naturvernforbundet.

– Har lært

Men det er dei ikkje innstilte på i Norges Skogeierforbund. Dei forsikrar at dei har lært og at dei vil vere i stand til å hindre uønskt spreiing av treslaga.

– Det er bra at vi får høve til å bruke treslag som er tilpassa det klimaet vi etter kvart får. Vi har ein kunnskapsbase no, og det blir stilt klare krav til skogeigarane. Det er viktig at vi evnar å styre bruken av desse treslaga til dei områda der vi skal ha dei, og det meiner vi at vi vil klare, seier administrerande direktør Per Skorge.

– Sitkagrana bind opp tre gonger så mykje CO2 og gir verdifullt tømmer som kan erstatte fossilbaserte produkt. Men dette må gjerast på ein klok måte som varetar det biologiske mangfaldet og miljøomsyn, seier Skorge til Nynorsk pressekontor.

– Strenge vilkår

Miljødirektoratet poengterer at det er eit viktig grep i forslaget at løyve til planting av utanlandske treslag blir følgd av strengare og konkrete vilkår for miljøoppfølging frå skogeigar.

– Vi forslår at det skal etablerast ei ansvarssone som normalt skal vere 100 meter frå bestandskant, der skogeigar får ansvar for å drive spreiingskontroll. Etablering av slike ansvarssoner betyr at den samla innsatsen for å redusere negative verknader av utanlandske treslag vil auke betydeleg, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Direktør i Miljødirektoratet Ellen Hambro vil at det skal vere lov å plante sitkagran og andre framande treslag i norsk natur, men på svært bestemte vilkår.

– Løyve til planting er mest aktuelt på areal der det i dag allereie er planta utanlandske treslag, og der det ikkje er spesielt sårbar natur i nærleiken. Det vil framleis vere ein veldig høg terskel for å gi nye løyve til utsetjing i landskap med liten eller ingen påverknad frå tidlegare utplantingar av utanlandske treslag, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

120 høyringsinnspel

Miljødirektoratet har fått inn i alt 120 høyringssvar, og reaksjonane går ifølgje direktoratets eiga oppsummering i to retningar:

Dei skogfaglege organisasjonane og dei fleste næringsorganisasjonane var positive til forslaget. Dei la særleg vekt på at utanlandske treslag er viktig for skognæringa, og at slik planting kan bidra til opptak og lagring av karbon.

Miljøorganisasjonane som uttalte seg i høyringa, var negative til forslaget som opnar for framleis bruk av utanlandske treslag. Dei fleste ønskjer eit totalforbod mot å plante utanlandske treslag, og trekte fram spreiingsfare, gjengroing og truslar mot biologisk mangfald som hovudargument.

Direktoratet understrekar at dei deler bekymringa til miljøorganisasjonane, men legg vekt på at dagens forvaltning av utanlandske treslag ikkje samanliknast med tidlegare utsetjingspraksis. Det viser til at utanlandske treslag i tiåra etter krigen blei sett ut på areal der det i dag hadde vore utenkjelege å gi løyve til dette, både av miljøomsyn, men òg fordi plantinga i ettertid har vist seg ikkje å vere økonomisk interessant for skogbruket.