storfe: Norskprodusert mat er mer populært. Noen steder kan man i tillegg kjøpe direkte fra gården, som fra Vik gård på Bostrak som avler skotsk høylandsfe, slakter og selger direkte til forbruker.

Nesten åtte av ti føretrekkjer å kjøpe norsk mat

Dei positive haldningane til norskproduserte matvarer aukar, ifølgje gransking. 78 prosent av oss føretrekkjer å kjøpe mat og drikke som er produsert i Noreg. Det er 13 prosentpoeng fleire enn i ei måling i fjor.

Dette går fram av ei gransking Opplysningskontoret for Meieriprodukter har fått gjennomført.

I november 2021 var 65 prosent samde i at dei føretrekkjer norskproduserte matvarer, medan talet altså auka til 78 prosent i mars i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ein såpass stor auke i dei positive haldningane til å kjøpe norskprodusert mat kan tyde på at usikre tider får oss til å tenkje meir over kor viktig norsk matproduksjon er for oss, seier Ida Berg Hauge, direktør i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no), i ei pressemelding.