EU vil halvere bruken av ugrasmiddel

Innan tiåret er omme skal halvparten av alle kjemiske ugrasmiddel bort, ifølgje det nye forslaget til EU-kommisjonen om sprøytemiddel og biologisk mangfald.

Onsdag la kommisjonen fram to forslag som skulle komme i vår og som skal bidra til å styrkje naturen fram mot 2030. Innan då skal det også vere gjennomført tilbakeføringstiltak for 20 prosent av alle land- og vassområde i unionen.

– Når vi set attende naturen (til ei meir opphavleg form), lèt vi han forsyne oss med rein luft, reint vatn og rein mat, og vi gjer det mogleg å skjerme oss frå det verste med klimakrisa, seier visepresident Frans Timmermans, som har det overordna klimaansvaret i EU-kommisjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ifølgje forslaget må medlemslanda leggje fram bindande planar og mål for å verne alt frå grøntområde i byen til sommarfuglar i enga og fuglar på landet. Skogane skal bli meir levande, med fleire tre i ulik alder. Demningar og andre hinder skal fjernast så vatnet kan flyte fritt i 25.000 kilometer langs europeiske vassdrag.

– Dette er ei lov for alle Europas menneske og for kommande generasjonar, ein sunn planet og ein sunn økonomi, seier miljøkommissær Virginijus Sinkevicius.

Det andre forslaget som vart lagt fram onsdag, gjeld bruk av ugrasmiddel, som kommisjonen vil halvere innan 2030.

– For å redde jorda, lufta og maten vår og til sjuande og sist helsa til borgarane, fastslår helsekommissær Stella Kyriakides i ei pressemelding.

For å gjere overgangen lettare kan medlemslanda bruke midlar frå EUs omfattande landbruksstøtte.

(©NPK)

uvakt@ntb.no

Bilete: hbu2wV-sfYQ

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For å «redde jorda, lufta og maten vår» vil EU-kommisjonen halvere bruken av ugrasmiddel innan tiåret er omme. Illustrasjonsfoto: Carina Johansen / NTB / NPK