Reagerte: Jan Terje Dahle meiner administrasjonen har gjort grep som er utanfor den politiske bestillinga angåande vegsamband mellom Drangedal og Nissedal, og utbetring av alt eksisterande veg mellom Nybru og Bø. - Og det er eg ikkje aleine om å reagere på, seier han.

– Me må skyte vekk halve heia for å få plass til vegklassa administrasjonen legg opp til

Det blei høg temperatur då vegsamband mellom Drangedal og Nissedal blei diskutert i hovudutvalet for plan, teknikk, næring og miljø (PTNM-utvalet) torsdag. Nestleiar Jan Terje Dahle meiner administrasjonen gjer grep langt frå den bestillinga politikarane har kome med.

Administrasjonen har kome med forslag om klasse 1-veg etter at både utbyggar og politikarar har bedd dei om sjå på moglegheita for å opprette ein klasse 3-veg. Denne vegen vil henge saman med vegen frå Bø til Nybru, som det er løyva 2,5 millionar kroner til å ruste opp. Administrasjonen vil nå ha betre veg. Dette stiller nestleiar i PTNM-utvalet Jan Terje Dahle (Sp) seg svært spørjande til.

Les meir om administrasjonens grunngjevingar her:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Her er det mange spørsmål. Korleis har administrasjonen tolka det samrøystes budsjettvedtaket om vegen frå Bø til Nybru? Eg har ikkje fått med meg at det har vore politisk interesse for å klassifisere den som klasse 1. Blir det lagt andre rapportar enn Asplan Viak sin frå 2019 til grunn, spør Dahle.

Optimal marknad for handverkarar

– Her er det ein slags motstand mot det politiske vedtaket om 2,5 millionar. Det blir kravd at det blir brukt vegklasse 1. Det er svært vanskeleg å forstå. Her går administrasjonen sine eigne vegar. Me må skyte vekk halve heia for å få plass til vegklassa administrasjonen legg opp til, seier Dahle.

Han meiner vegklasse 1 vil koste 20-30 millionar kroner frå Joker på Bø til Nybru. Han er redd ei slik oppskalering av vegen vil stikke store kjeppar i hjula for utbyggaren at det heile smuldrar bort.

– Her vil me få tilgang på ein marknad som er heilt optimal for handverkarar i Drangedal. Me må få bygge klasse 3-veg, seier han.

PTNM-utvalet vedtok torsdag om det skulle bli gjeve dispensasjon frå kommuneplanens arealdel og frå reguleringsplan for Fikjestøl kraftverk for veganlegg til Kyrkjebygdheia. Det er Planhuset AS som søker på vegner av Kyrkjebygda AS om dispensasjon for tilkomstveg frå Kyrkjebygdheia til Nybru.

I kommunedirektørens forslag hadde administrasjonen lagt til punkt om at vegen skulle bli søkt om frå klasse 3 til klasse 1, og at vegen ikkje skal bli teke i bruk eller bli godkjent før eksisterande veg frå fylkesveg 38 på Bø til Nybru er utbetra for å ta imot den planlagde auka trafikken frå Nissedal. Desse punkta foreslo Dahle å ta vekk. Dette blei samrøystes vedteke. Søkar får frå PTNM-utvalet dispensasjon frå kommuneplanens arealdel og frå reguleringsplan for Fikjestøl kraftverk for veganlegg til Kyrkjebygdheia,

Saka blir nå sendt vidare til regionale myndigheiter for uttale. Om det kjem inn merknadar blir saka sendt tilbake til politisk behandling i Drangedal kommune.

Dei ulike vegklassene

Landbruksvegar for bil og traktor er delt inn i 8 klasser. Val av vegklasse skal bygge på ei heilskapleg vurdering av økonomiske, miljømessige og driftstekniske forhold i vegens dekningsområde.

– Vegklasse 1: heilårs bilveg som blir bygd i samarbeid med det offentlege slik at vegen seinare kan inngå i det offentlege vegnettet. Krav til geometrisk utforming med meir skal vera i samsvar med dei spesifikasjonar Statens vegvesen har fastsett for den avtalte vegklassa.

Vegklasse 2: heilårs bilveg med høg standard som skal kunne bli trafikkert med lass heile året. Denne vegklassa skal bli brukt på grendevegar med blanda trafikkgrunnlag og på skogsbilvegar, gardsvegar og setervegar med stor trafikkbelastning av tunge køyretøy.

Vegklasse 3: standarden for skogsbilvegar, gards- og setervegar med moderat til lågt trafikkgrunnlag. Vegen skal kunne bli trafikkert med lass heile året med avgrensingar i teleløysingsperioden og i periodar med spesielt mykje nedbør.

Kjelde: Drangedal kommune

Artikkelen fortsetter under annonsen.