Over 70 kommunar har fått innvilga kvotefri jakt på hjortekalv

Hjort: Hjortebestanden i Noreg har auka. No har fleire kommunar fått lov til å drive kvotefri jakt på hjortekalv for å få bestanden ned.

Bestandsauken på hjort har ført til at ein del kommunar har fått innvilga søknad om kvotefri jakt på hjortekalv: – Det løyser ikkje hjorteproblema, meiner forskar.

I kommunane der forskrifter opnar for hjortejakt, er startskotet 1. september for årets jakt.

I år har 74 kommunar søkt og fått innvilga kvotefri jakt på hjortekalv av Miljødirektoratet. Direktoratet har opna for dette sidan det vart dokumentert for store hjortebestandar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Professor Atle Mysterud frå Universitetet i Oslo har jobba med hjort på Vestlandet sidan 1999. Han fortel at den openberre hovudforklaringa på bestandsauken, er at det blir skote færre hjort enn tilveksten, men at det er fleire underliggjande forhold.

– Landbruket gjødslar innmarka, som skapar høgkvalitetsbeite for hjorten. Hjorten beitar ned graset på innmarka og skapar tap for landbruket, seier Mysterud.

Klimavinnar – med konsekvensar

Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) har kome fram til at mellom 20 og 30 prosent av grasavlingar i innmark går til hjorten, og endå meir i utsette område. Fornying og gjødsling gjer graset næringsrikt og fører til at hjortestammar aukar. Konsekvensane er at det blir vanskelegare for bønder å drive høgkvalitetsbeite.

– Mjølkeproduksjonen treng god kvalitet på beite. Det skapar eit behov for høgkvalitetsmat, men den same høgkvalitetsmaten er hjorten glad i. Slik det er no, kan ein ikkje drive innmarka på den mest optimale måten i utsette område, for då kjem hjorten og et det opp.

På 1950 og -60-talet blei det skote nokre tusen hjort i eit jaktår i Noreg. På 1990-talet blei det skote mellom 10.000 til 20.000 hjort i eit jaktår. Då uttalte Miljødirektoratet at dei skulle jobbe for å stabilisere bestanden, men Mysterud seier at ingen hadde sett føre seg den store bestandsauken som kom til å halde fram, og at det kom til å bli vanleg å felle 50.000 hjort i eit jaktår.

– Hjorten er ein «klimavinnar», som nyt godt av at det blir mildare vintrar med mindre snø. Samtidig har det vore nok snø i fjellet til å skape gode sommarbeite som ikkje tørkar ut, seier Mysterud.

Årleg tap på over 100.000 kroner

Til avisa Firda seier bonde Magne Nordal at han er positiv til den kvotefrie avskytinga av hjortekalvar. Han har 165 dekar innmark i Fjaler og seier dei høge hjortebestandane gir han eit årleg tap på 137.000 kroner.

– Norsk Landbruksrådgjeving rekna ut at hjort påfører meg eit årleg tap på 137.000 kroner i 2020-prisar. Men med dagens auka prisar på innsatsmidlar er dette talet langt høgare for meg, fortel Nordal til avisa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ifølgje Firda har Norsk Landbruksrådgjeving registrert og dokumentert at hjorten et opp 25 prosent av grasavlinga hans.

Joar Helgheim, einingsleiar i Landbruk og Miljø i Sunnfjord kommune, seier fleire opplever det problematisk med dei store hjortebestandane.

– Det skjer mange påkøyrsler kvart år, på gravplassar kan ein oppleve at hjorten et blomar og forstyrrar plassen, og fleire private bustader opplever at hjorten nyttar hagen deira som beite, seier Helgheim til Firda.

Krevjande tiltak

Fleire jegerar kan sjå fram til å skyte meir hjort, men Mysterud seier det blir krevjande å skulle skyte ned større stammar.

– Du må ha ein anna innsats enn kva fleire er vande med. Jo fleire dyr du skyt, jo vanskelegare blir det å ta ut dei siste.

Ordninga med Frikalv har i forsøkskommunar ført til berre ein svak auke i felling av kalv. Det er difor lite sannsynleg at å gi løyve til kvotefri jakt på kalvar, vil vere effektivt nok til å ta ned stammen, meiner Mysterud.

– Ein må ikkje tru at å ta litt meir kalv løyser problema. Skal ein få ned bestanden, er det mest effektivt å skyte over to år gamle koller. I tillegg kan det bli nødvendig å forlenge innmarksjakta, kanskje heilt til januar.

– Vi har løysinga, men å få til det på stor skala er krevjande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har vore ein stor auke i registrerte jegerar i Noreg dei siste åra. Likevel er talet på aktive jegerar i nedgang. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Fleire registrerte jegerar – færre aktive

Frå 2001 til i dag har det vore ein stor auke i talet på registrerte jegerar. Frå 365.292 registrerte personar i jaktåret 2001-2022, har talet auka til 528.399 personar i jaktåret 2021–2022.

Likevel viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB ) at talet på aktive jegerar var 136.900 i jaktåret 2021–2022 i Noreg. Det er ein nedgang på 2,4 prosent frå året før.

Talet på aktive jegerar innanfor rypejakt gjekk mest ned, med ein nedgang på 7,8 prosent.

Desse kommunane har søkt og fått lov av Miljødirektoratet til å drive kvotefri jakt på hjortekalv:

Agder: 2

Eigersund

Valle

Innlandet: 1

Lom

Møre og Romsdal: 20

Aukra

Aure

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Averøy

Fjord

Gjemnes

Hareid

Herøy

Hustadvika

Molde

Rauma

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sande

Stranda

Sunndal

Sykkylven

Ulstein

Vanylven

Vestnes

Volda

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ørsta

Ålesund

Rogaland: 11

Bokn

Gjesdal

Lund

Sandnes

Sauda

Stavanger

Suldal

Time

Tysvær

Vindafjord

Trøndelag: 8

Indre Fosen

Hitra

Oppdal

Rendalen

Rennebu

Stjørdal

Sunnfjord

Åfjord

Vestland: 31

Alver

Askøy

Askvoll

Austevoll

Austrheim

Bergen

Bjørnafjorden

Etne

Fedje

Fjaler

Gloppen

Hyllestad

Høyanger

Kinn

Kvam

Kvinnherad

Luster

Masfjorden

Modalen

Osterøy

Samnanger

Sogndal

Stad

Stryn

Tysnes

Ullensvang

Ulvik

Vaksdal

Vik

Voss

Øygarden

Viken: 1

Eidsvoll

(©NPK)