I gang: Tone Størseth og Ap-politikar Trond Jarle Roalstad tok seg ein prat om DRIV (Drangedal i vekst) etter kommunestyremøtet.

Drangedal i godt driv

Målet med omstillinga er å skaffe Drangedal 150 nye arbeidsplassar innan 2028. - Me skal vera med på sikring og knoppskyting når det kjem til arbeidsplassar, seier prosjektleiar Tone Størseth.

Torsdag kveld presenterte prosjektleiar Tone Størseth omstillingsprogrammet i Drangedal for kommunestyret. Politikarane godkjente prosjektplanen som varar frå 2022 til 2027 og skal skaffe 150 arbeidsplassar i bygda.

– Dette er ein svært stor dag på vegner av oppdraget eg har fått. Det er ei kraft i samfunnet i Drangedal, som eg alt har fått lov å kjenne på. Me har matproduksjon, opplevingsnæring og anna næringsliv. Desse områda heng saman og har stort vekstpotensial. Eg skal gjera alt for at me lykkast, men me skal også gjera dette saman, seier Størseth.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lokalsamfunnet skal vera med

Konkret forslag: Aadne Røilid (KrF) synest DRIV (Drangedal i vekst) burde kontakte Holte gård. - Prøv å høyre på dei og hjelpe dei, seier han.

– Dette skal heile lokalsamfunnet gjera saman. Eg har tru på at me skal få til mykje positivt i kommunen vår. Me har mål om å skape og sikre 150 arbeidsplassar innan 2028. Å få til eit Drangedal i utvikling og driv må vera ei overordna målsetjing for programmet, seier ordførar Tor Peder Lohne (Sp).

Aadne Røilid (KrF) synest det er synd at drangedølane er i ein slik situasjon at dei må gjera dette, men det er bra dei får sjansen.

– Her i Drangedal har me ein del bedrifter og arbeidsplassar. I denne prosessen er det viktig å ta kontakt med næringslivet som alt er her, har planar og veit kor skoen trykker. Start med Holte gård, det kan vera frukt som heng lågt. Prøv å høyre på dei og hjelpe dei, oppfordrar han.

– Det er vesentleg at det lokale næringslivet blir med å spela ball, kvitterer Jan Terje Dahle.

Ordførar Lohne legg vekt på at då er det viktig at kommunen toler kritikken dei får også.

– Me må også vera tydlege på kva kommunen kan gjera og ikkje kan gjera. Kommunestyret som eig prosjektet er dei fremste ambassadørane som må få prosjektet ut. Budsjettet på 20 millionar kroner på fem år er eit godt verktøy for å hjelpe næringslivet og få eit Drangedal i godt driv, seier han.

Grundig diskutert namn

Og kva skal så barnet heite? Då kommunestyret skulle samle seg rundt eit namn på omstillingsprosjektet Drangedal kommune nå skal inn i var det i går sprik i namnepreferansane til politikarane. Det stod mellom dei innkomne forslaga «Saman for Drangedal» og «Driv». Sjølv om det er andre med namnet «Driv» i Drangedal meinte ordføraren at dette er det beste namneforslaget. Ap på si side ville går for «Saman for Drangedal».

– Den situasjonen Drangedal har vore i etter mobbehistoria gjer det viktig å signalisere og vise utover at her er me saman for Drangedal, seier Magnus Straume (Ap).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dårlege assosiasjonar: Kari Tisjø (Uavhengig) fekk bismak av namneforslaget "Saman for Drangedal".

– Eg får litt bismak for «Saman for Drangedal» med tanke på media og mobbesaka. Eg får litt flashback til då me var i kulturstua og me klemte kvarandre, og så blei det brukt mot hensikten, som var å rydde opp og få den saka ut av verda. Driv er eit meir slagkraftig ord, seier Kari Tisjø (Uavhengig).

Kommunedirektør Hans Bakke meiner «Saman for Drangedal» høyrast ut som eit sosialt prosjekt og «Driv» viser at her vil Drangedal noko og at det vil vera eit godt slagord.

Etter gruppemøte gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for namnet «DRIV (Drangedal i Vekst)».

– DRIV viser at me har framdrift, kraft og vil noko. Det er kort og skildrande. Dessuten har det kome fram som forslag frå innbyggarane sjølve under byggemøter for eit par år sidan. Eg har stor tru på at me med driv skal synleggjera alle Drangedals kvalitetar framover, seier prosjektleiar Tone Størseth.