Playa bar: Den stolne splitter nye båten er observert her i morgontimane onsdag.

Såg du ein svart Skoda med klistremerke i dag til morgonen?

Då vil politiet at du skal ringe dei. Det same om du ser den i ettertid. Den skal vera kopla til eit båttjuveri og er observert ved Playa bar klokka 05.30.

Sør-Aust politidistrikt melder at ein ny stor og kostbar båt på hengar blei stole ved ei bedrift på Rafnesveien på Herre. Kva har det med meg å gjera tenker du kanskje? Båten har nemleg vore innom Drangedal og over Lundeheia bak den svarte Skodaen, melder politiet på Twitter.

Politiet har teke imot tips om at båten var kopla av ei kort tid ved Playa bar klokka 05.30. Den svarte Skodaen hadde fleire klistremerke på venstre side av bilen. Politiet oppfordrar deg til å ringe dei om du har sett eller ser bilen nokon stad. Bilen blei også observert på Lundeheia klokka 06.00.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Båten er av merket Uttern D77. Dette er ein 2022-modell på rundt 26 fot. Den er kvit med beige skrog og har på to svarte 200 hestekrefters Mercury-motorar.