Frå Barcelona: Guillem Tur trivest i naturen han finn på Lundeheia. Han er her i to veker, jobbar gratis og får opplevingar å ta med seg i minneboka.

Frå Barcelona til Drangedal for å jobbe gratis

Med skog på alle kantar får verkeleg Guillem Tur ta inn over seg norsk natur. Han kjem frå den pulserande storbyen Barcelona og skal jobbe på Lundeheia i to veker. Utan løn.

Arbeidsferie: Som nyttårsforsett sette Guillem Tur seg mål om å jobbe frivillig. Nå er han på plass i Drangedal og jobbar for Fredrik Juel mot kost og losji i ferien sin.

På ein benk mellom Drangedal og Lunde sit Guillem Tur frå Barcelona. Han jobbar til dagleg med logistikk for eit tysk firma som sel filter til vasskraner i den spanske storbyen. Nå har han ferie og den brukar han til å jobbe gratis i Drangedal.

– I år gav eg meg sjølv i nyttårsforsett å utføre frivillig arbeid. Dette er ferien min, seier Guillem.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bytta tankesett i drangedalsskogen

Når Drangedalsposten pratar med den unge spanske mannen har han vore i Drangedal i ei veke. Han skal vera i to.

– Det er ei stor forandring i livsstil. Eg har bytta tankesett, seier Guillem.

Han kom hit gjennom den kulturelle utvekslingstenesta Workaway.info. Dette er ei kulturutveksling der deltakarane, som kostar reisa sjølve, får dekt kost og losji mot å jobbe 4-5 timar utan løn fem dagar i veka. Guillem jobbar hos Fredrik Juel, som har Villmarkseventyret og Høidalen, Sætre og Åsland kulturhistoriske forening å tilby som arbeidsplass. Hos han vil 20 utanlandske arbeidarar frå åtte ulike nasjonar frå 1. april til 1. november få opplevingar, turar, kost og losji tilbake for arbeidsinnsatsen.

– Hos oss får dei padle kano og sove i hengekøye i naturen. Ting me kanskje tek for gitt. Tilbake får eg hjelp til arbeid i Høidalen, Sætre og Åsland kulturhistoriske forening. Dei utanlandske arbeidarane utfører mellom anna skilting, rydding av stiar, bygging av bruer og klopping av myrer, seier Juel.

Tok seg ein tur på stranda

Juel sjølv får mange morosame opplevingar og blir kjent med heile verda gjennom dei engasjerte arbeidsfolka på besøk langvegsfrå. Han husar dei på ei av hyttene i Villmarkseventyret.

– Dei er i hovudvekt frå Europa, spesielt Tyskland og Nederland. Dei mest eksotiske besøka har vore frå Kina og New Zealand, seier han.

Guillem er her aleine. Det er ingen andre utanlandske besøkande arbeidarar i skogen til Juel akkurat nå.

– Det er litt aude her, men heldigvis har eg bil. I går reiste eg til stranda ved Playa bar. Eg likar både jobben eg gjer utandørs og landskapet her, seier Guillem.

Artikkelen fortsetter under annonsen.