Rekk ikkje: Brannbamsen Bjørnis har diverre ikkje høve til å møte i Drangedal på laurdag, men Torbjørn Øygarden fortel at det blir ein opplevingsrik laurdag for barna som vitjar Drangedal brannstasjon.

Open dag på brannstasjonen, men Bjørnis kjem diverre ikkje i år

Dei minste får sjansen til å lære om branntrygging på Drangedal brannstasjon laurdag, men Bjørnis må stå over på grunn av lange avstandar og tidspress.

Grenland brann og redning IKS inviterer til open dag laurdag 24. september. Dette vil skje frå klokka 10.00 og utover på stasjonane i Bamble, Drangedal, Kragerø og Porsgrunn. Arrangementet er retta mot barn. Maskoten Bjørnis skal innom Porsgrunn, Bamble og Kragerø, men ikkje Drangedal.

– Bjørnis blir diverre ikkje med oss i år. Han rekk det ikkje, men neste år kjem han nok. Avstandar mellom stasjonane i distriktet vårt og tidspress gjer at det ikkje let seg gjera i år, men me har mykje anna å by på, seier stasjonsansvarleg ved Drangedal brannstasjon Torbjørn Øygarden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Får sjå på bilane og testa kunnskap

– Dette er fyrste gong me arrangerer open dag på Drangedal brannstasjon, så me må prøve oss litt fram og sjå kva som fell i smak. Me skal i alle fall ha ei kunnskapsløype. Ungane får også sjå på stasjonen og bilane, og prate med brannvesenet, seier Øygarden.

På Drangedal brannstasjon er det mogleg å sjå båt, atv og fem brannbilar. Det er 19 personar knytt til brannkorpset i Drangedal.

På Open brannstasjon får dei minste lære om branntrygging. Det blir kunnskapsløyper med premieutdeling, moglegheit til å sitje i brannbil og ulike aktivitetar på stasjonane.

– Mange har venta lenge på å kunne besøke oss, og me er svært glade for å kunne opne dørene og ta imot alle som vil lære litt om brannvern og sjå korleis me har det på brannstasjonane, melder Hanne K. Pedersen, som er leiar førebyggande avdeling ved Grenland brann og redning IKS.

Bustadbrannar aukar om hausten

Open brannstasjon blir arrangert i veke 38, som ein del av den nasjonale Brannvernveka i regi av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og forsikringsselskapet If.

Tidspunktet er ikkje tilfeldig. Hausten markerer inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av auka straumforbruk og meir bruk av levande lys.