Bygdefest: Ole-Kristian Honerud byr inn til fest i Tokestua fredag. Då kjem Halva Priset for å lage liv. Bandet sjølv meiner festane, musikken, naturen, folka, bilane og butikkane er betre på bygda enn i byen.

Inviterer inn til ein real bygdefest med festband på scena

Ole-Kristian Honerud håpar drangedølane tek ein pause frå elgjakta for å slå seg laus med Halva Priset.

Bygdeband: Fredag kjem Halva Priset til Tokestua for å lage ordentleg bygdefest.

Halva Priset er kjend for å hylle bygdelivet. Med hittar som «Den fineste Chevy'n», «Konge på bøgda» og «Kjerring i fra by'n» kjem Petter Bjørklund Kristiansen og resten av bandet til Tokestua fredag.

– Me håpar på å stelle i stand ein real bygdefest der folk møtast att og er sosiale saman. Det er mange som har behov for å slå seg laus att etter pandemien, seier dagleg leiar på Tokestua Ole-Kristian Honerud.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Pause frå elgjakta

Dansegolv: Ole-Kristian Honerud lagar plass til dans og hygge i Tokestua. Han håpar så mange som mogleg nyttar høvet og tek seg ein ordentleg fest til fredagen.

Siste store konsert i Tokestua var med Oslo Ess i oktober i fjor då det var ei lita lomme i pandemien. Då kom det 120 for å sjå. Nå håpar Honerud å trekke fleire.

– Eg har sakna å arrangere store tilstellingar utan å tenke på smittevern, seier han.

Treff Tokestua med rett artist kjem det som regel godt med folk.

– Eg satsar på at vanane folk danna seg med å vera mindre sosiale under pandemien ikkje heng att. Eg håpar folk kan ta seg ein liten pause frå elgjakta og kome på konsert, seier Honerud.

Det blir etterfest på Playa bar, så der er publikum som vil ta seg ein skikkeleg heileftan hjarteleg velkomne etter konserten.

Tett i tett

I oktober byr Tokestua på fleire arrangement. Det blir USA-føredrag med korrespondentane Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, og konsert med Tom Jackie Haugen. I byrjinga av november kjem Emil Solli Tangen. Litt seinare i den heller grå månen kjem det eit Elton John-tributeband. I desember vil det bli både juleshow for barn med Erik Mogeno og julekonsert med d'Draup.

– Kunsten er å balansere sjanger opp mot talet på publikumarar me har, og spreie dei ulike sjangrane, seier Honerud.

Tokestua opna som kultursal hausten 2013. Honerud meiner det hadde vore moro med ei markering for tiårsjubilanten neste haust.