Låg terskel: Kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken i PST ber folk ha ein låg terskel for å tipse om mistenkjelege hendingar rundt dronar og andre ting, særleg ved kraftanlegg til lands og havs, og militære anlegg.

PST: Mange nye dronetips det siste døgnet

PST har fått ei rekkje nye tips det siste døgnet etter at dei bad folk over heile landet vere ekstra på vakt etter drone-arrestasjonane.

– Det har komme inn ganske mange nye tips til oss etter at vi gjekk ut og etterlyste det, men eg har ikkje førebels oversikt over grad av relevans på dei ulike tipsa, seier kommunikasjonssjef Trond Hugubakken i PST til NTB.

Dei siste dagane er to russiske statsborgarar arresterte i to ulike saker etter å ha floge med drone i Noreg. Dei to er menn i 50-åra, og begge er varetektsfengsla i to veker. Førebels er dei berre sikta for å ha brote sanksjonsreglane som forbyr russarar å flyge med dronar i Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje kjent om politiet har funne materiale som peikar direkte på spionasje.

– PST er i tett kontakt med politidistrikta. Det er naturleg at lokalt politi gjer dei innleiande etterforskingsstega. Dersom mistankegrunnlaget blir styrkt i retning ulovleg etterretning, er det meir naturleg at PST tek over, seier Hugubakken.

– Dersom mistankegrunnlaget blir svekt og det blir snakk om bortlegging, så er det naturleg at sakene blir fullførte av politiet.

Tips: PST har fått inn ei rekke nye tips om mistenkjelege hendingar etter at to russiske statsborgarar er varetektsfengsla, sikta for å ha floge med drone i Noreg.

Ber folk vere merksame

Den siste tida er det gjort ei lang rekkje observasjonar av ukjende dronar ved oljeplattformer og kraftanlegg i Noreg. PST har bede folk om å tipse dersom dei ser noko mistenkjeleg.

– Dei som bur ute i dei ulike lokalsamfunna, er kanskje dei beste til å oppfatte kva som er unormalt, underleg og mistenksamt, seier Hugubakken.

Han seier at etterretningstrusselen frå Russland no i stor grad er retta mot kraftanlegg, og dessutan petroleums- og forsvarssektoren. PST ønskjer tips om mistenkjelege hendingar i nærleiken av slike anlegg.

– Det treng ikkje berre vere dronar, det kan også vere andre ting, understrekar han.

Ikkje naive

Russaren som vart arrestert i Tromsø fredag, hadde filma både lufthamna i Tromsø og Kirkenes, og dessutan teke bilete av Forsvarets Bell-helikopter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje kjent kva politiet har funne i materialet frå russaren som tysdag vart arrestert i kontroll ved grensa på Storskog, på veg ut av Noreg. Han hadde to russiske pass og eitt israelsk pass på seg då han vart arrestert.

Arrestert: Ein russisk mann blei tysdag arrestert på Storskog med to dronar i bagasjen medan han var på veg ut av Noreg. Ein annan russar blei fredag arrestert med drone ved Tromsø lufthamn. Dei er begge varetektsfengsla i to veker.

Han skal ha delt bilete frå norsk natur i sosiale medium frå ulike stader i Noreg den siste tida, ifølgje VG. Kjende av mannen hevdar at han er ein amatørfotograf som reiser mykje.

– Det er jo i utgangspunktet ingen grunn til å mistenkje folk som gjer normale ting. Samtidig skal vi ikkje vere naive. Vi må vere årvakne for mistenkjelege ting og melde det inn som tips. Så får det vere opp til politi og PST om det er noko som skal følgjast opp, seier Hugubakken.

– Det kan vere at eitt enkelt tips ikkje verkar så viktig, men fleire tips av same hending kan gi oss ein heilskap som er viktig for å avklare om det skal følgjast opp eller ikkje.

Tiltak: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har sagt at det er sett inn tiltak for å gjere landet betre rusta i møte med eit auka etterretningstrugsmål. Her på besøk ved grensa mot Russland tidlegare denne månaden.

– Bruker alle verkemidla dei har

Noreg har heva beredskapen på norsk sokkel og ved kraft- og gassanlegg i kjølvatnet av Nord-Stream-lekkasjane i Austersjøen og droneobservasjonane, som det stadig kjem fleire av – seinast ved gassanlegget Kårstø i Rogaland laurdag.

– Vi er i ein situasjon der eit naboland til Noreg har invadert eitt av sine andre naboland, seier Hugubakken.

Han påpeikar at Russland bruker etterretning og alle moglegheiter tilgjengelege for å dekkje eit umetteleg informasjonsbehov.

– Mellom anna informasjon om korleis Nato tek omsyn til denne konflikten. Det er ingen statisk tilstand, men noko som forandrar seg heile tida. Derfor har dei behov for å samle informasjon til kvar tid om haldninga Nato har til Russland, seier Hugubakken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Og då bruker dei alle dei verkemidla dei har, seier han.