Reiser rundt: Hege Lothe frå Noregs mållag, Jógvan Helge Gardar frå Norsk målungdom og Vemund Knudsen (t.h.) frå Noregs mållag er på farta denne veka. Torsdag kjem dei til Drangedal.

Nynorskdag i Drangedal

Ein dekorert bil full av målfolk og nynorskmateriell rullar rundt i Telemark denne veka. Torsdag besøker han Drangedal.

Kvart år reiser Noregs mållag og Norsk målungdom på tur til område der nynorsk møter bokmål. Nå kjem nynorskstafetten til Drangedal.

– Det er viktig for oss i mållaget å møte kommunane der nynorsk er ein del av kvardagen, og ein kjenner på utfordringane med eit bokmål som bankar på døra. Med nynorskstafetten håpar me å både kunne gje inspirasjon til nynorskarbeidet i kommunen, samtidig som me hentar inspirasjon til arbeidet vårt i mållaget, seier Peder Lofnes Hauge, som er leiar i Noregs mållag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ope møte

Torsdag kjem stafetten til Drangedal. Noregs mållag og Norsk målungdom har full timeplan for dagen i Drangedal.

– Me gler oss til ein full dag, og mange spanande møte i Drangedal. Me skal møte kommuneadministrasjon, barnehagar, skuleleiarar og Norsk målungdom besøker skuleklasser, fortel Hege Lothe frå Noregs mållag, som er mannskap i bilen.

På kveldstid inviterer Drangedal mållag og Noregs mållag til ope møte på Drangedal bygdetun. Her skal dei summere opp dagen, og prate om aktuelle problemstillingar for nynorsken både nasjonalt og lokalt i Drangedal.