Hjelper andre: Karina Valbø har vore både i Athen og Krakow for å hjelpe flyktningar gjennom Dråpen i havet. – Dei aller fleste kjenner på ei lyst til å hjelpe, seier ho.

Karina (28) reiste til Polen for å hjelpe ukrainske flyktningar

Eit ønske om å hjelpe andre og å forstå meir av konflikten mellom Ukraina og Russland førte Karina Valbø til Krakow i Polen.

Karina Valbø (28) fann for nokre år sidan organisasjonen Dråpen i havet etter å ha googla litt. Dette førte til at ho i 2016 tok seg jobb i ei vekes tid i ein flyktningleir i Athen. Det gjorde inntrykk på ho. I sommar reiste ho like så godt til Krakow for å hjelpe ukrainske flyktningar.

– Dei aller fleste kjenner på ei lyst til å hjelpe. Då krigen braut ut i februar fann eg ut at eg ville reise og hjelpe flyktningane, seier Karina.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alltid kø

I vår melde ho seg til frivillig arbeid i Polen, der flyktningstraumen er stor. .

– Eg hadde lyst til å hjelpe og forstå betre, seier Karina.

I juli reiste ho til Krakow. Der tok Dråpen i havet imot donasjonar med klede frå private og kleskjeder. Karina sorterte og delte ut.

– Alle som kom innom måtte dokumentere at dei var på flukt. Det var alltid kø på utsida då me opna, minnest Karina, som hadde åtte timars arbeidsdagar i den polske byen nær Ukraina.

Eit anna perspektiv

– Flyktningane kunne jo ikkje engelsk, så eg fekk ikkje kommunisert så mykje med dei. Heldigvis har Dråpen i havet starta opp engelskkurs for flyktningane nå, seier 28-åringen, som var der i oppstartsfasen av hjelpa Dråpen i havet driv med til dei ukrainske flyktningane.

Då Karina var i Krakow, var det flest amerikanarar som jobba frivillig for den norske organisasjonen Dråpen i havet, men også andre nasjonalitetar som austerrikarar, meksikanarar og italienarar. I tillegg var det mange frå Krakow som jobba i butikken.

– Du får eit anna perspektiv når du høyrer folk frå andre land si oppfatning av situasjonen. Felles er at alle kjenner på behovet for å hjelpe. Du blir godt kjent på kort tid, seier Karina.

Ho fekk også innblikk i kor rause lokalbefolkninga i Krakow var. Ho fortel at der var det ein annan kultur enn i Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dei tok flyktningane inn i heimane sine, seier ho.

Slik Karina har blitt fortalt var det meir opp til lokalbefolkninga å hjelpe enn at myndigheitene tok ansvaret.

Likar å hjelpe andre

Trivest: Karina er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. – Eg trivest i jobben. Eg likar å kunne hjelpe andre menneske. Det finst mange måtar å hjelpe på, seier 28-åringen.

Karina er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Ho jobbar 60 prosent i rus og psykiatri og 40 prosent i heimesjukepleia i Drangedal.

– Eg trivest i jobben. Eg likar å kunne hjelpe andre menneske. Det finst mange måtar å hjelpe på, seier 28-åringen.

Ho anbefaler andre å nytte sjansen til å reise og hjelpe.

– Det ikkje særleg skummelt, men du må ordne reisa sjølv. Når du er på plass fyrste arbeidsdag blir resten organisert. Kost og losji må du bestille ved sidan av, seier Karina.

Ho har fått vener for livet og minnast godt dei sosiale laga på kveldane.

– Eg håpar å få sjansen til å delta på fleire oppdrag for Dråpen i havet. På slike turar lærer du å bli tryggare på deg sjølv, avsluttar ho.