Prekære utsikter: Jens Arnfinn Brødsjømoen fortel at Drangedal kommune har hamna i same situasjon som svært mange andre kommunar her til lands. Nå blir det dyrare å tappe deg eit glas vatn og dra ned etter deg på do om du er kopla på det kommunale nettet.

Må auke avgiftene for vatn og avløp med 10 prosent frå neste år

Drangedal kommune ventar høge rente- og straumkostnadar som vil tære på økonomien neste år. Nå røper kommunedirektørens leiargruppe at avgiftene for vatn og avløp vil auke med 10 prosent neste år.

Dette vil gje 2,5 millionar kroner ekstra i kommunekassa.

– Me prøvar å avgrense det til det me må. Kalkylerenta på investeringane og straumutgiftene er hovudgrunnane til at me må gjera dette. Ein ting er straumkostnadane på pumper og liknande, men kalkylerenta er påverka av det høge rentenivået og har dobla seg frå i fjor. Det gjer store utslag og me er i godt selskap med svært mange andre kommunar, seier kommunalsjef for økonomi og servicetenester Jens Arnfinn Brødsjømoen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nytt reinseanlegg kostar

Drangedal og Nissedal planlegg felles reinseanlegg som er forventa å stå ferdig i 23/24. Det er statsforvaltaren som har kravd at det må plass for å kunne fortsetje hytteutbygginga på Gautefall.

– Me må stå for 35 prosent av investeringa. Dette er eit beløp som kjem til å ligge på 70-80 millionar kroner. Hus og hytter har same gebyrområde, seier kommunalsjefen.

Han forsikrar at kommunen ikkje vil tene pengar på dette, men at dei må dekke investeringar, kapitalkostnadar og driftskostnadar. Renter og straum har gjort at det aukar.

– Kor mange som koplar seg på nettet vil også ha noko å seie. Det har vore bygd rundt 30 hytter i året, men me veit ikkje korleis det blir framover. Det er mange usikre variablar for framtida. Det er mykje me ikkje kan svare på nå, seier Brødsjømoen, som sluttar i stillinga som kommunalsjef mars neste år.