Påsken 2022: Mange nøt finværet i solveggen på skisenteret i påsken 2022, fra 2024 kan det komme turistskatt på hotell og turistaktiviteter.

Turistar kan måtte betale eigen skatt frå 2024

NPK-NTB

Regjeringa vil fremje forslag om ein eigen turistskatt neste haust. Forslaget er ein del av budsjettavtalen med SV.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stortinget ber regjeringa leggje fram forslaget neste haust i samband med statsbudsjettet for 2024. Slik lyder eit av punkta i statsbudsjettet som Ap-Sp-regjeringa og SV har vorte samde om.

Finansdepartementet går no i gang med å sjå på korleis ein slik skatt kan formast ut, opplyser statssekretær Lars Vangen til NTB.

– Vi er nøydde til å greie ut dette og sjå korleis ein slik skatt kan formast ut, både praktisk og juridisk. Men tanken er at lokalsamfunna skal kunne sitje igjen med meir, seier han.

I 2024 kan turistar dermed måtte betale ein tilleggsskatt på hotell, suvenirar, aktivitetar som båtturar og slike ting.

– Det er same modell som fleire andre land har, seier Vangen.

NHO Reiseliv og fleire organisasjonar har tidlegare vore kritiske til ein turistskatt. Dei fryktar at dette vil svekkje Noreg som turistmål.

(©NPK)