Merkebekk stasjon: Formannskapet vil kjøpe Merkebekk stasjon og banestrekning. Nå er det opp til kommunestyret å avgjere om det blir handel.

Vil kjøpe stasjon og banestrekning for 1,3 millionar kroner

Formannskapet vil at Drangedal kommune skal kjøpe Merkebekk stasjon saman med banestrekninga frå Merkebekk til Kragerø-grensa.

Pris er sett til 100 000 kroner pluss kostnadar for banestrekninga Merkebekk til Kragerø stasjon. Kostnadar til kjøp, tilrettelegging og sikring av strekninga vil bli dekt gjennom allereie avsette løyvingar og tilsegn om støtte til prosjektet. Merkebekk stasjon ønsker formannskapet å kjøpe frå Bane Nor for 1,2 millionar kroner pluss kostnadar. Dette vil også bli dekt gjennom allereie avsette løyvingar og tilsegn om støtte til prosjektet. Dei oppfordrar at kommunestyret føreset at Bane NOR syter for opprydding av eigedomar før overtaking når dei skal vedta eit eventuelt kjøp.

– Me har ein del midlar me kan bruke. Fire millionar som kan bli brukt til kjøp og istandsetjing. Me må prøve å bruke dei tilsegna me har så fornuftig me kan til oppgradering. Me ser for oss å leige ut eller selje etter kvart, sa sakshandsamar Arne Ettestad til formannskapet tysdag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Positivt formannskap

Dag Arild Brødsjømoen (Frp) håpar i så tilfelle at kommunen kan selje det huset att.

– Eg håpar nokon kan gjera seg nytte av det. Det er dumt av kommunen å bruke mykje pengar på vedlikehald, sa han.

Aadne Røilid (KrF) synest dette høyrast ut som ein fornuftig framtidsplan.

– Merkebekk stasjon kunne vera fin å drive som turiststad med utleige av kano og sykkel, sa han.

Jan Terje Dahle (Sp) deler også Brødsjømoen sitt synspunkt.

Avklarte grenser

Etter det blei etablert rundt ein kilometer med kombinert turveg, og gang- og sykkelveg frå Neslandsvatn sentrum til Eskilt bru er det blitt ferdigstilt rundt 4,5 kilometer med tur- og sykkelveg frå Eskilt bru til Merkebekk. Denne blei offisielt opna av ordførar og fylkesordførar den 19. oktober i år. Tilbakemeldingar frå både lokalbefolkning og andre har vore eintydig svært positive og prosjektet har også halde seg innanfor rammer og anbod både med omsyn til framdrift og økonomi, skriv sakshandsamar Ettestad i si vurdering.

Det har teke ein del tid å få fram tilbod på reststrekninga. Årsaka til dette er at det kom fram at delar av Merkebekk-området, som har vore registrert som Bane NOR sin eigedom, eigentleg tilhøyrer ein privat naboeigedom. Grensene for dette er nå avklart. Drangedal kommune har teke imot tilbod om resten av den kilometer lange banestrekninga med ein del omkringliggjande areal, til saman rundt 36 mål til ein pris på 100 000 kroner.

Frist 15. januar

Kommunen har også fått tilbod om kjøp av Merkebekk stasjon med litt over eit mål tomt til 1,2 millionar kroner. Administrasjonen har vore i kontakt med Bane NOR om å få utsett svarfrist til 15. januar neste år som blei kome i møte. Kommunen bad også om redusert pristilbod på stasjonsbygningen, men det blei avslått grunngjeve med prisar for tilsvarande bygg i området som var omsett i nyare tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dialogen med, og oppfylging frå, Bane NOR har vore rydding og god, seier Ettestad.

Kragerø kommunestyre har også nyleg vedteke å overta elleve kilometer av Kragerøbanen til tur- og sykkelveg.