Tokestua: Ole-Kristian Honerud vil vise meir film i Tokestua og då filmar av det smalare slaget.

Har du sakna filmklubb i bygda? Då må du melde di interesse nå

Ole-Kristian Honerud sjekkar interessa for filmklubb i Drangedal. Så har du film som hobby eller lidenskap, så er det bare å ta kontakt med han.

Det har tidlegare vore prøvd å starte opp filmklubb i Drangedal utan hell. Nå prøvar dagleg leiar på Tokestua Ole-Kristian Honerud på nytt. I Tokestua ligg alt til rette for den gode filmopplevinga.

– I Tokestua viser me dei største og mest populære kinofilmane til vanleg. Nå er tanken å også vise smalare filmar, til dømes kunst- og temafilmar, i tillegg til politisk farga filmar, seier Honerud, som legg til at dette ikkje skjer om det ikkje blir meld nokon interesse for tilbodet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Diskutere film

Filmklubb: Ole-Kristian Honerud ber filminteresserte kontakte han for då blir det kanskje klubb.

– Om nokon av innbyggarane har film som hobby, så er dette sjansen for å få seg ein møteplass der det er mogleg å dele interessa med andre. Er du interessert i å sjå film med andre likesinna ein gong i månaden, så må du kontakte meg, seier Honerud.

Han ser for seg at medlemmene i filmklubben kan sitje att etter filmen er vist og diskutere det dei har sett, og også planlegge det dei vil sjå framover.

– Det kan jo vera at du har lest ein roman og vil sjå filmen basert på den. For dei fleste er film framleis best på kino, seier Honerud.

Han håpar at filmklubb kan bli nok ein sosial arena for å møte andre i bygda.