Gjev amnesti: Driftsleiar Hans Olav Vøllestad er klar på at Drangedal kommune ikkje er ute etter å «ta» nokon når kommunen nå vil at alle som er kopla på det kommunale VA-nettet betalar avgiftene sine. Her viser han rundt inne på Stranna vatnbehandlingsanlegg på Gudbrands.

Innfører amnesti for dei som er kopla på det kommunale nettet, men ikkje betalar

Drangedal kommune ber alle som er kopla på det kommunale VA-nettet om å vera solidariske og betale for seg. Har du vore kopla på utan å betale gebyr fram til nå, gjev kommunen deg sjansen til å vera ærleg utan å straffe deg.

Meld frå: Hans Olav Vøllestad oppfordrar brukarar av kommunens VA-anlegg til å vera solidariske og bli med på spleiselaget då vatn og avløp er eit sjølvkostområde der utgifter blir delt på registrerte abonnentar

Drangedal kommune vil i ein periode framover tilby amnesti til husstandar som er knytt til kommunalt vatn og avløp, men ikkje betaler avgifter ennå.

– Drangedal kommune er ikkje ute etter å «ta» nokon. Me vil bare betre oversikta vår samtidig som at alle burde vera solidariske og vera med på spleiselaget då vatn og avløp er eit sjølvkostområde der utgifter blir delt på registrerte abonnentar, seier Hans Olav Vøllestad, som er driftsleiar for vatn og avløp i Drangedal kommune.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Oppdagar ved tilfeldigheit

Uregistrerte tilkoplingar: - Grunnar til slike uregistrerte tilkoplingar kan vera at kommunen tidlegare har overteke private anlegg der oversikta ikkje har vore heilt i orden, seier Hans Olav Vøllestad.

Driftsleiaren fortel at det innimellom blir oppdaga at det er somme som er kopla til det kommunale vatn- og avløpsnettet som ikkje er registrert i kommunens system.

– Dette skjer ved både rein tilfeldigheit og ved at me jobbar målretta med å betre oversikta på området, seier Vøllestad.

Grunnar til slike uregistrerte tilkoplingar kan vera at kommunen tidlegare har overteke private anlegg der oversikta ikkje har vore heilt i orden.

– Det kan vera gjort avtaler oppimot grunneigarar i samband med bygging av nye kommunale anlegg som ikkje er blitt følgd opp riktig frå kommunen si side. Det kan vera tilkoplingar som bare er formidla kommunen munnleg og difor ikkje kome inn i systema. Det kan vera mange grunnar, men me trur at det aller meste har opphav i misforståingar, seier Vøllestad.

Fritak frå etterbetaling

– Kva går dette amnestiet ut på?

– Dei som seier ifrå om at dei er tilknytt og ikkje betaler avgifter vil få fritak frå å etterbetale avgifter uavhengig av bakgrunnen for tilkoplinga. Me vil der det er naudsynt lage nye avtaler slik at dette er avklart for framtida, seier Vøllestad.

– Kva med dei som ikkje melder frå frivillig?

– Me håpar jo at dette ikkje vil gjelde nokon som helst, og at alle vil ta kontakt med oss frivillig. Men om det skulle vise seg at me oppdagar oppkoplingar i ettertid som ikkje er meld frå om, så vil det koma økonomiske krav frå kommunen for tilbakebetaling bakover i tid, seier driftsleiaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ønsker full oversikt

Kommunen vil i fyrste omgang formulere eit brev som dei sender til einingar som ligg slik plassert i samband med kommunalt vatn og avløp at det kan vera sannsynleg at dei kan vera knytt til det. Det vil då bli bedd om ei tilbakemelding om kva for type vatn- og avløpsløysingar dei har. Svaret kommunen får vil vera styrande på vidare saksbehandling.

Drangedal kommune vil i tida framover fokusere på å få betra oversikt over kor mange abonnentar som nyttar kommunalt vatn og avløp.

– Kva er bakgrunnen for at dykk nå intensiverer denne jobben?

– Me ønsker på sikt å få full oversikt på tilkoplingar då dette er viktig å vite når vi er ute og leitar etter feil, reknar ut lekkasjeprosent og avgifter, at me får varsla abonnentar om det skulle vera avvik på vassprøver og liknande. Det kan i nokre tilfelle vera svært viktig å få ut informasjonen til dei som nyttar tenestene våre, seier Vøllestad.