Påfyll: Nå kjem det kvitt påfyll på vegane att. Etter ein periode med underkjølt regn er det frå onsdag av snøen som vil regjere ut veka.

Nå kjem vinteren: Kan koma 26 cm snø på under eit døgn

Lokalt kan det koma meir enn 26 cm snø. Nå ber Meteorologisk institutt folk om å sikre sårbare installasjonar og gjenstandar som ikkje toler snømengda som er venta.

I løpet av onsdagen kan det ligge 26 cm snø eller meir på bakken i Drangedal.

– Det er mykje. Hald snøskuffa klar, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Snø heile veka

Han fortel at tommelfingerregelen er at ein mm nedbør blir til ein cm snø, og at det fort kan bli endå meir om temperaturen er låg.

– Nå er me på veg inn i ein sirkulasjon med nedbør i kaldsone som fører til aukande nedbørsmengder frå sørvest. Toppen vil vera onsdag, så kjem det litt til torsdag. På fredag kan det koma ein ny topp, så du må nok ut med snøskuffa då også. På sundag kjem det endå litt meir, seier Haga.

Han oppfordrar dei som skal ferdast etter vegen om utsetje turen til etter onsdag, eventuelt gjera den unna før. Neste veke kan det bli mildare att.

– For dei som likar vinter kan det vera lurt å nyte denne veka her, seier meteorologen.

Trur det blir framkomeleg

Hos Vegtrafikksentralen er trafikkoperatør Kristin Våsjø meir optimistisk til store mengder snø enn underkjølt regn.

– Entreprenørane kjem til å vera ute og gjera tiltak av brøyting, seier ho.

Våsjø trur det blir framkomeleg sjølv om det ligg litt snø i vegbanen.

– Det er viktig at bilistane tilpassar farta og køyrer etter forholda, avsluttar ho.