Trygt heim: Trygt heim for ein 50-lapp er utvida til å gjelde heile veka i år. Hilde Fiskum trur potten på 75 000 kroner får bein å gå på, sjølv om det bare blei brukt litt over halvparten i fjor.

Nå kan dei unge koma seg trygt heim for ein femtilapp heile veka fram til klokka 03.00

Tilbodet «Trygt heim for ein 50-lapp» blir vidareført med 75 000 nye kroner til disposisjon i 2023. Nytt av året er at drosjeturane kan bli bestilt sju dagar i veka og ungdomen kan nå bestille drosje seinare enn klokka 22.00.

I 2022 blei det brukt rundt 40 000 kroner på tilbodet frå og med 1. februar og ut året. Det var då sett av 75 000 kroner. Same sum er sett av til prosjektet i år. SLT-koordinator Hilde Fiskum trur midlane får bein å gå på i år sidan tilbodet er utvida og bestillingstidspunktet er endra.

– Det ville overraske meg om me sit att med like mykje midlar i desember i år som i desember i fjor, seier Fiskum.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Drosje heile veka

– Nå er tilbodet utvida til å gjelde sju dagar i veka frå klokka 12.00 til 03.00. Og dei kan bestille drosja når dei vil, altså når dei faktisk skal heim, fordi fristen som var klokka 22.00 nå er teke bort. Men sjølvsagt innanfor det gjevne tidsrommet, seier Fiskum.

Ho fortel at hovudmålet er å unngå at unge sjølve køyrer i ruspåverka tilstand eller sit på med ruspåverka sjåførar i helgene. I tillegg vil kommunen at dei unge skal ha fridom til å koma seg heim frå til dømes fotballtrening på tysdag sjølv om foreldre ikkje har tid til å køyre.

– Trass i at Drangedal manglar eit godt kollektivtilbod ønsker me å legge til rette for at ungdomen kan vera sosiale saman også på vekedagane, seier Fiskum.

Begge drosjeselskapa i Drangedal tilbyr tilbodet til dei unge mellom 16 og 25 år.

– Så i år får de brukt opp potten på 75 000 kroner?

– Ja. Eg håpar i alle fall det. Blir den brukt opp, så betyr det at unge er ute og treff kvarandre. Sosialt samvær er investering i god folkehelse, avsluttar Fiskum.