Meir kraftproduksjon i Drangedal?

I innlegget 18.1. inviterer ordføraren til ny diskusjon om kraftproduksjon. Det kan sikkert vere lurt, men då må ein bygge på meir fakta og mindre på prognoser frå Statnett. For det første er det slik at Statnett viser ingen informasjon om kva pris som blir lagt til grunn for spådommen. Kommunen fekk i fjor tydeleg demonstrert kor mykje prisen har å sei for kor mykje forbruk som kjem i framtida. Med datasenter i Torsbulia vart det kalkulert med både eigedomsskatt og auka nettleige frå Exagreen. Etter at konteinarane var på plass i 4 månader, var dei plutseleg borte. Då var konteinarane på veg nordover på jakt etter lågare energiprisar. Berre dette eine prosjektet skulle bruke like mykje (50 GWh) som heile Drangedal kommune bruka frå før.

På same tid i fjor meldte Alcoa Lista, at dei reduserte produksjonen av aluminium. Også Nordic Paper i Sarpsborg stengte ned produksjonen. Utan stabil tilgang på energi til låg pris, vil denne industrien bli flagga ut til land som både er nærare marknader og råvarer. Dette er typisk produksjon der prisen betyr alt for kor stort energiforbruket vil bli.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med energipris på line med Danmark, Tyskland og England, kan det bli store endringar både med næringsliv og vanleg forbruk. Det jo ikkje mangel på elektrisitet som har ført til at Sør-Norge har hatt energipris på same nivå som i EU. I 2022 var den samla netto eksporten av elektrisitet kome opp i 12 TWh. Vil auka produksjon føre til lågare energipris slik olje- og energiminister Aasland stadig påstår? Dessverre NEI. Grunnen er at vi uansett er svært påverka tilknyting til prisen i dei områda rundt. Særleg vil kontakten med England, Nederland, Tyskland, Danmark og Sør-Sverige, vere dominerande. Her er den samla overføringskapasiteten ca 8,2 GW. Dersom denne kapasiteten vart utnytta alle timar i året, vil det kunne bli eksportert ca 72 TWh i året. Dette er om lag halvparten av den totale produksjonen i Norge. Når det likevel ikkje blir eksportert så mykje, har det med pris å gjere. Etterat kabelen til Tyskland og England vart opna, og auka kapasiteten frå Sør-Norge med ca 50 %, har i praksis prisen over tid vore svært lik. I tillegg er overføringskapasitet til Sør-Norge frå område i Midt- og Nord-Norge avgrensa. Så seier olje- og energiminister Aasland at det ikkje er noko nytt at prisen i Norge fylgjer prisen i EU. Nei, det er ikkje noko nytt, også i 2017 svinga prisen i Norge i takt med prisen i Nederland. Den store forskjellen var berre at prisen der var ca 40 % høgare. Nå er skilnaden i pris tilnærma NULL og det seier Aasland ingen ting om.

Sjølv om produksjonen i Sør-Norge vart auka med 10 TWh, vil likevel kapasiteten for eksport vere så stor at det vil ha særs liten verknad på prisen. Det er dette Statnett og regjeringa ikkje vil ha oss til å forstå. Dei har jo lykkast før då dei i 2013 sa at kablane til Tyskland og England berre ville føre til 3 - 4 øre/kWt i høgare pris. Det er heller ikkje slik at det vil bli merkbar reduksjon i utslepp av klimagassar for kol- og gasskraft i EU. Det er det kvotetaket for CO₂-utslepp som regulerer, og sjølv med auka eksport, vil det likevel vere mindre enn 1 % av forbruket i Tyskland.

Når vi tidlegare hadde fornuftig utveksling av kraft med Danmark og Sverige var det for at kolkraftverka skulle gå med stabil last. Slik er det ikkje lengre. Nå representerer ikkje lenger kablane hjelp for forsyningstryggleik fordi dei er knytt opp til produksjonsområde som manglar regulerbar balansekraft. Sjølv om Statnett i nyttårshelga kunne kjøpe/importere billig vindkraft frå EU vart det ikkje låg pris i Sør-Norge. Kraftprodusentane heldt igjen på produksjonen (spara på vatnet) fordi dei vil ha høgare verdi på eit seinare tidspunkt. Kanskje kan Drangedal Everk orientere nærare om dette?

Håper kommunen kan ein opplyst debatt både om kva næringsliv og energibehov vi bør ha i framtida. Skal vi tenke på ansvar for våre barnebarn, kan vi ikkje lenger satse på at auka forbruk skal få ned klimautslepp og tap av natur.

Magne Vågsland