Vår: Når sola steiker på, snøen smeltar og telen slepp taket blir vegane utsett for stor påkjenning om det blir køyrd med for tung vekt på dei.

Nå er våren her: Kommunen kan innføre aksellastrestriksjonar

Vårløysinga gjer at vegane ikkje toler alt for stort trykk. Kommunen står fritt til å setje aksellastrestriksjonar på vegane sine om det trengst.

– Me har ikkje innført nokon aksellastrestriksjonar i Drangedal ennå, seier Solfrid Klodvik, som er einingsleiar for veg og park.

Men det kan skje når som helst. Drangedal kommune opplyser om at dei med heimel i vegtrafikkloven, kan innføre aksellastrestriksjonar på kommunale vegar i teleløysingsperioden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er tømmerbilane som blir mest råka, men me har kontakt med sjåførane. Om det er restriksjonar der dei skal hente tømmer, så kan dei få løyve. Då skal dei helst køyre om morgonen, seier Klodvik.

Eventuelle restriksjonar blir vist ved at det blir sett opp skilt.