Kunstnar: Viktoriia Morozova lot elevane på vaksenopplæringa få ei pause frå der elevane kunne drøyme seg bort.

Møter utfordringar med kreativitet: Viser fram «fantastiske uhyre»

– I dag er kreativitet svært viktig på alle livsområde, mellom anna i arbeid, utdanning og personleg liv. Å vera kreativ gjer menneska meir ressurssterke når dei møter ulike utfordringar i løpet av livet, seier Viktoriia Morozova.

Deltakarane: Vitaliia Melnychuk (t.v.), Natalia Krasnozhon, Svitlana Sichko, Zoia Panycheva, Yuliia Seleznova, Olena Chernyshova Vasyl, Olena Kovalchuk og Denys Seleznov deltok på Viktoriia Morozova sitt teikneprosjekt «Fantastiske uhyre». Utstillinga kan du sjå i Tokestua.

Viktoriia Morozova sitt teikneprosjekt «Fantastiske uhyre» blei gjennomført 23. februar ved vaksenopplæringa i Drangedal. Prosjektet blei utarbeidd i samarbeid med Den kulturelle skulesekken i 2022.

– Teikning er eit av dei mest utmerka verktøya for å fremje kreativitet og fantasi. Ikkje bare hos barn, men også hos vaksne. Det ser me tydeleg i desse flotte teikningane som er teikna av elevane ved vaksenopplæringa i Drangedal, seier Morozova.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvar teikning har ei historie

Saman har deltakarane på vaksenopplæringa teikna fleire fantasidyr som nå blir vist ut i Tokestua. Kvar teikning har ei lita historie og er knytt til kvarandre på ein morosam forteljande måte. Det er brukt pastell, trekol og grå papp.

Fyrst brukte Morozova nokon timar der ho viste teknikkar ved å teikne eit dyr etter forslag frå elevane. Deretter jobba elevane i grupper og teikna sine eigne skapningar.

Leikent pusterom: – Det var gøy å teikne. Det er viktig å ha eit pusterom kor det er lov å leike og leve med eit gledeleg og inspirerande blikk, seier Natalia Krasnozhon(t.v.), Vitalina Melnychuk og Yuliia Seleznova.

– Det var gøy å teikne. Det er viktig å ha eit pusterom kor det er lov å leike og leve med eit gledeleg og inspirerande blikk, seier Natalia Krasnozhon, Vitalina Melnychuk og Yuliia Seleznova.

– Teiknestunden var på ein måte ei lækjande tid, der dei fleste drøymde seg bort og gløymde ei stund krigen, og andre tunge tankar og kjensler, seier Morozova.