Viltpåkøyrsel: Politiet har fått tre ulike meldingar om skadd rådyr den siste veka

Fleire meldingar om påkøyrd og skadd rådyr

Politiet har fått tre meldingar om påkøyrd og skadd rådyr i Kjosen-området.

3. mars fekk politiet melding om påkøyrd rådyr observert ved Nosvatnet. Rådyret hadde skadd bakpart og viltnemnda blei varsla.

Natt til 5. mars fekk politiet melding om endå eit påkøyrd rådyr i Kjosen. Det skal ha springe av garde. Viltnemnda blei varsla.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

7. mars kom det inn endå ei melding om skadd rådyr rundt ni kilometer frå Lunde mot Drangedal. Dette dyret skal også ha ein skadd bakpart. Viltnemnda blei varsla.

– Meld ifrå om du køyrer på eller ser skadde dyr, seier politioverbetjent Liv Berit Nesland.