Lang erfaring: Inge Storbukås (t.v.) og Frank Jonskås har til saman 56 års erfaring med vintervedlikehald. – Me meiner erfaring og lokalkunnskap er nøkkelen som må vera på plass for å lykkast. Me er lært opp av den gamle generasjonen.

JV Entreprenør om vintervedlikehaldet: – Å gjera rette tiltak til rett tid er alfa omega

Frank Jonskås og Inge Storbukås har til saman 56 års erfaring med vintervedlikehald av vegar. – Me har lang fartstid når det kjem til faget brøyting, seier dei blide karane.

Blide karar: - Det er nå godt når det vårast, ler Inge Storbukås (t.h.). Han er glad i jobben sin, men innrømmer at det til tider har vore hektisk i vinter. Frank Jonskås legg til at det ikkje er noko uvanleg med slikt vêr og føre som har vore denne brøyte- og strøsesongen.

JV entreprenør blei etablert i 2007. I firmaet som har tre brøytebilar og tre ulike roder å køyre her i Drangedal finn du Frank Jonskås og Inge Storbukås. Dei har høvesvis brøyta i 31 og 25 år.

– Me har lang fartstid når det kjem til faget brøyting. Denne vinteren har vore krevjande, men ikkje utover det vanlege, seier dei to.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Føler at me gjer noko rett

Ekstra tur: Frank tek heller ein ekstra tur ut med høvelen slik at vegane skal bli gode og sikre å køyre på enn å la vera, sjølv om det blir ekstra arbeid for han.

– Men det har vore intenst i periodar, legg Storbukås til.

– Dei 31 åra eg har heldt på har eg opplevd slike vintrar mang ein gong før, seier Jonskås.

JV Entreprenør har fått mykje skryt blant trafikantane for korleis dei har heldt sin del av fylkesvegane i Drangedal ved like i vinter. Spesielt på sosiale medium der mange meiningar om mangt blir delt.

– Når me får gode tilbakemeldingar, så føler me jo at me gjer noko rett. Det har vore lite klager i vinter, seier Jonskås.

Han fortel at det ikkje alltid er så enkelt å få unna alt dei skal rekke over med ein gong.

– Snøen må jo rekke å legge seg i vegen før me får brøyta den bort, smiler han.

Erfaring og lokalkunnskap

Gjer underverker: På brøytebilen sin har Inge ein underliggande høvel. - Den gjev eit godt resultat, seier han.

– Det å gjera rette tiltak til rett tid er alfa omega. Det er viktig å få ut høvelen så raskt som råd når det er snøfall, seier Jonskås.

– Då hjelper det ikkje om det er 1. eller 2. juledag då. Ut må me, ler Storbukås.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det lyser lang veg at dei har yrkesstoltheita i ryggrada.

– Me meiner erfaring og lokalkunnskap er nøkkelen som må vera på plass for å lykkast. Me er lært opp av den gamle generasjonen.

Fem døgn i strekk

Nærast hjartet: Frank var lærling på høvel i Vegvesenet og blei lært opp av gamlekarane i 1992. - Eg lærte av Jon Odd Grave og Jon Toralf Øverland. Høvel er ikkje det enklaste du kan lære deg, men det er dette som ligg hjartet mitt nær, seier han.

JV Entreprenør har brøyting og strøing som hovudsyssel vinterstid, i tillegg til å køyre opp skiløyper på Gautefall. Dei køyrer også Mestas vegskrape i Nissedal og Fyresdal.

– På eit av dei verste snøfalla i vinter gjekk vegskrapa fem døgn i strekk.

– Me brøyter fylkesveg 358 frå Bostrak til Treungen, fylkesveg 38 frå Bostrak til Steane, og så har me det me likar å kalle koseroda frå Grova til Fjågesund og vidare til Kilen og Flåbygd. Det blir også brøyta ein del med traktor utanom fylkesvegane.

Sommarstid går det i sprenging, boring og graving. Dei har mellom anna hatt mange oppdrag på Lifjell i Midt-Telemark og jobbar også i store delar av nedre Telemark.

I tillegg går ein del tid med til å førebu seg til vintervedlikehaldet. Grusreserven på Bostrak må ha tilstrekkeleg med grus klar til det glatte føret nok ein gong dukkar opp.

– I år var me godt førebudde til vinteren, seier Storbukås.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Høvlar så raskt som råd

Det er lite gjennomtrekk i arbeidsstaben til JV Entreprenør.

– Dei tilsette likar variasjonen mellom vinter- og sommararbeidet. Etter påske skal me til på siktsona som blir utarbeidd i Sanneslangen.

Når det kjem til vintervedlikehaldet fortel Storbukås at det er viktig å bruke høvelen når dekket framleis er snø og ikkje blitt til is.

– Er det is så går det seint og då rekk ein ikkje så mykje. Det er fortvilande, seier Jonskås.

Han meiner at vintervegane ikkje hadde noko godt av at drift og vedlikehald blei meir og meir privatisert.

– Vintervedlikehaldet har ikkje blitt særleg betre etter konkurranseutsetjinga som kom gradvis utover 2000-talet. Vintervedlikehaldet burde aldri vore privatisert. Det er bilistane som har tapa på privatiseringa.

Tek den ekstra turen

– Det er fyrst på 5-6 året på ei kontrakt at alt klaffar, seier Storbukås.

– Me er svært glade for denne åtteårskontrakta me har med fylket nå, seier Jonskås. Denne er det tre år att av.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Storbukås og Jonskås er redde mangel på yrkesstoltheit kan vera eit problem i bransjen.

– Sjølv vil eg at me skal ha bra vegar og brukar heller maskinene våre meir og tek den ekstra turen når det trengst. Samtidig synest eg synd på dei yngre gutane i bransjen, som ikkje har så lang erfaring, avsluttar Jonskås.