Nøgde: Tom Sommerville (t.v.) og Bertil Petterson ved Drangedal produkter er glade for at formannskapet vedtok serveringsløyvet-

Formannskapet gav grønt lys for Drangedal produkters kafédrift

– Me kjem til å flytte butikken inn i løpet av neste veke. Kafédrifta må me bygge litt om for å få på plass, men me skal kjapt i gang med enkel servering av vaflar og kaffi, seier dagleg leiar i Drangedal produkter Bertil Petterson.

Søknaden om serveringsløyve frå Drangedal produkter AS blei torsdag ettermiddag samrøystes vedteke av formannskapet. Dette blei vedteke med føresetjing om marknadstilpassa prispolitikk. Løyvet blir gjeve i samsvar med det serveringsloven bestemmer.

– Nå er me nøgde. Drangedal treng eit større tilbod og mangfald. Me skal snart i gang med etableringskurs for å koma i gang med kafédrifta, seier dagleg leiar Bertil Petterson ved Drangedal produkter, på veg ut av døra på kommunehuset for å overta nøklane til lokalet frå Drangedalspostens redaktør.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Positive politikarar

– Med plasseringa dei får ved parkeringa og ferdselsvegen nå, så blir det ei stor vinning. Denne saka var det bra kom til politisk handsaming sidan den kan vera i konkurranse med eksisterande kafédrift der ute på Kåsmyra. Eg er positiv til å gje løyve, seier Aadne Røilid.

Stina Anlaug Sætre (Sp) meiner tiltaket er svært positivt for arbeidstrening, integrering og lokalmiljøet.

– Samtidig kan det konkurrere ut anna etablert næringsliv. Eg har landa på at eg er positiv til søknaden, men då må dei ikkje gå i konkurranse med dei andre kafeane som alt er her.

Sp og KrF sitt forslag til vedtak om å gje serveringsløyve blei samrøystes vedteke.

30 sitjeplassar

Større lokale: Drangedal produkter flytter utsalet sitt hit. Lokalet er såpass stort at vekstbedrifta også ønsker kafédrift i lokalet.

Drangedal produkter As søkte om løyve for kafédrift med 30 sitjeplassar i samband med utsalet sitt. Begge delar vil dei ha i dei tidlegare lokala til Drangedalsposten på Kåsmyra. Kommuneadministrasjonen var usikker og vil ikkje gje politikarane nokon innstilling i fyrste omgang, men sende heller ballen vidare til dei.

– Lokala er litt for store for bare butikken vår. Difor tenker me at det kan vera fint med ein liten kafé i tillegg. Det vil vera ein fin arena for dei på arbeidspraksis, arbeidstrening og tilrettelagt arbeid. Mange vekstbedrifter har eit slikt tilbod, til dømes Mariposa i Bø og Kakeringen i Åmot, seier Petterson.

Redd for konkurranse med private

Tysdag handsama formannskapet serveringssøknaden. Normalt sett skulle det vore med ei innstilling frå kommunedirektøren. Sakshandsamaren i denne saka er Siw Bastnes. Ho meiner avveginga mellom dei ulike omsyna i denne saka gjer det krevjande å legge fram ei klar innstilling i saka.

– Dei skjønnsmessige vurderingane dreg seg fort over i politiske avvegninger. Det handlar også om korleis eigaren av bedrifta ønsker at denne skal utvikle seg i framtida. Det kan komme andre tilsvarande førespurnadar om «produktutviding» som kan koma i konkurranse med private. Dette kan difor fort bli ei prinsipputtale. På denne bakgrunn leggast saka fram utan innstilling, skriv Bastanes i sakshandsaminga si.