Blomehandlaren: Det er nok mange som vil sakne den venlege tonen og gode smilet til Rina Veronica Holte Froland når dei skal ha seg blomar framover.

Stranna blomster stenger dørene for godt - alt på laurdag

Det er med tungt hjarte at Rina Veronica Holte Froland nå legg ned livsverket sitt. Den vanskelege situasjonen lét seg ikkje snu.

I 2017 overtok Rina Veronica Holte Froland blomehandelen til Bjørg Aasen, som då hadde drive butikken i 27 år. Nå stenger Drangedals einaste blomebutikk for godt.

– Mange har den siste veka lurt på om me har tenkt å legge ned butikken. Me har i det lengste prøvd det kan for å snu ein vanskeleg situasjon, skreiv Stranna blomster AS på Facebook-sida si seint torsdag kveld.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tøff konkurransesituasjon

Stolt blomehandlar: Rina har hjelpt bygdas innbyggarar med blomar til livets store og små augeblikk gjennom fem år. For ho er det ikkje salet av blomar som har trigga, men heller kontakta med menneska som har betydd noko.

Det har den siste tida vore posta fleire innlegg på Facebook om sal og sterkt rabatterte prisar hos blomehandelen.

– Onsdag kveld måtte me ta den tunge avgjersla om at det ikkje lengre er mogleg med vidare drift for Stranna blomster.

Konkurransesituasjonen har blitt stadig tøffare, høgare driftsutgifter, og situasjonen elles i samfunnet i dag med auka utgifter og redusert kjøpekraft har gjort det svært utfordrande for Rina og gjengen på blomebua å få det til å gå rundt.

– Me er audmjuke og takksame for alle våre trufaste kundar som har følgd oss og støtta oss i desse åra. Me har sett svært stor pris på tilliten dykk har vist oss med å ta oss med på livets hendingar. Sorg som glede. Tusen takk, står det å lesa på Facebook-sida.

Var usikker og spent på framtida

Blei med: Rina Veronica Holte Froland samla, saman med Cecilie Roalstad, inn gåver til barn som trong det mest i førjulstida i fjor. Ho hadde lenge ønska å hjelpe andre i jula.

Tidlegare har Rina uttalt til Drangedalsposten at ho blir kjent med kundar i mange ulike livsfasar.

– I ein blomebutikk er me innom både glede og sorg. Me følgjer kunden gjennom dei store hendingane i livet, sa Rina ettertenksamt i haust.

Då Drangedalsposten intervjua Rina i november 2022 var ho usikker og spent på kva framtida ville bringe for blomehandelen.

– Straum og varer har blitt dyrare. Kundanes kjøpekraft har blitt svakare. Eg er spent på korleis årets julehandel blir. Det gjekk utruleg nok bra under koronapandemien. Folk ville ha blomar. Nå er me tilbake til slik det var hausten 2019, i tillegg til å ha fått endå større økonomiske utfordringar, sa ho då.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har ikkje lykkast Drangedalsposten å få tak i den daglege leiaren og eigaren før saka blei lagt ut på nett.