Håpefulle: Tømrar Per Esborg og Jan Halvor Høidalen ved Hulfjell familiepark håpar den finansielle biten av prototypen til aktivitetsløypa fell på plass neste veke.

Per og Jan Halvor har fått tilsegn om 375 000 kroner frå DRIV - nå håpar han på midlar frå kommunalt næringsfond

Næringsfondstyret skal tysdag handsame søknaden om i underkant av 400 000 kroner i midlar og eit risikolån på 200 000 frå det kommunale næringsfondet til forprosjektet til Forn Speki på Hulfjell familiepark.

Per Esborg og Jan Halvor Høidalen har til nå førebudd seg så langt det har lete seg gjera. Dei står godt framoverlent over startstreken og gler seg til å setje spaden i jorda.

– Går dette i mellom er me i mål. Då blir løypa ein realitet før sommaren, seier Esborg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Norrøn aktivitetsløype: Per Esborg har i samarbeid med Jan Halvor utforma ei norrøn aktivitetsløype som etter planen skal bli etablert på Hulfjell familiepark.

Grunnen til at det hastar med å få ei prototype av den norrøne aktivitetsløypa Forn Speki på plass i år er at dei to skal finne ut av om det er liv laga, også kalla marknadsundersøking i lag med Telemark næringshage i sommar, for ei større og heftigare aktivitetsløype på Hulfjell.