Fekk 30 000: Fredrik Juel (t.v.) fekk 70 000 kroner mindre enn han søkte DRIV om. Tor Peder Lohne fortel at det var ei heilskapleg vurdering frå omstillingsstyret. ARKIVFOTO

Oslo-studentar kjem til Lundeheia for teste vindmøllesti

I slutten av mai ønsker Fredrik Juel journaliststudentar frå Oslo velkomen til Lundeheia og Villmarkseventyret. Dei skal teste om vindmøllesti kan bli ei inntektskjelde for Villmarkseventyret og Drangedal i heilskap.

Onsdag blei det klart at Villmarkseventyret AS ved Fredrik Juel blir gjeve eit tilskot på 30 000 kroner til forstudiet «Vindmøllestien» frå satsingsområdet «Opplevingsnæring» og strategien bedriftsretta tiltak» i omstillingsstyret i Drangedal kommune. Juel hadde søkt om 100 000 kroner til forstudie og prosjektleiar for DRIV Tone Størseth foreslo 50 000 kroner.

– Dette er ei heilskapsvurdering frå styret å gje 30 000 kroner til forstudiet. Nå skal Juel finne ut av marknadspotensialet, seier leiar for omstillingsstyret Tor Peder Lohne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje eit innspel i den politiske debatten

– Nå skal gruppa med journaliststudentar frå OsloMet teste både informasjonstavler og sti i slutten av mai. Dei skal sjå på korleis Villmarkseventyret kan forbetre stien og informasjonen slik at me kan skape ei positiv omtale av området her, seier Fredrik Juel.

Målet til Juel og Villmarkseventyret er å skape nye innovative produkt som gjev auka omsetjing for Villmarkseventyret og Drangedal i heilskap.

– Dette er ikkje eit innspel i til den politiske debatten rundt vindmøller, forsikrar Juel.

– Me i Villmarkseventyret har ingen meining om me skal vera for eller i mot bygging av vindmøller. Me utnyttar bare potensialet for inntening rundt temaet vindkraft.