Lei friminutta: Elevrådsleiar Odd Einar Berntsen fortel at elevane av og til ikkje kan vente med å koma inn frå skulegarden fordi dei heller vil vera inne. Sjetteklassingane Eirik, Elise, Thea og Erik meiner det burde vore leikeapparat slik at elevane på mellomtrinnet får aktivisert seg i friminutta.

– Friminutta skal jo vera gøyale, men det er ikkje alltid dei er det

Elevane på mellomtrinnet saknar meir å halde aktivt på med i friminutta. - Det er eigentleg bare henging og prating, seier sjetteklassingen Erik Grana.

Øydelagt mål: Elise Evenstad Austad (t.v.), Eirik Rosland Lindestad, Thea Roalstad og Erik Grana er lei av at skulegarden dei skal ha friminutta i ikkje gjev dei noko å halde på med om dei ikkje likar å spela fotball eller skate. Dei peikar også på at fotballmåla anten er øydelagde eller ber preg av slitasje.

Drangedalsposten har vore med elevrådsmedlemmene og sjetteklassingane Elise Evensen Austad (11), Eirik Rosland Lindestad (11), Thea Roalstad (12) og Erik Grana (11) ut i mellomtrinnets del av skulegarden på Drangedal 10-årige skule. Dei fortel at det er lite å ta seg til for elevane som ikkje spelar fotball.

– Me sit på gjerdet og ser på bilar som køyrer forbi eller går rundt å snakkar med kvarandre. Det er eigentleg bare henging og prating, seier Grana.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På gjerdet: Erik Grana viser kva han brukar friminutta på. Han og andre sit på gjerdet mot vegen. Der snakkar dei saman og ser på bilar som susar forbi.

Saknar leikeapparat

Ønsket: Det er dette, klatrestativ og husker, sjetteklassingane Thea Roalstad (t.v.), Elise Evensen Austad, Eirik Rosland Lindestad og Erik Grana ønskar seg i skulegarden for mellomtrinnet.

Han var ein av elevane som grua seg litt til dei skulle ned på området utan leiker og tilbringe friminutta der.

Når elevane på Drangedal 10-årige går frå småtrinnet og over i mellomtrinnet må dei bytte uteplass. Småtrinnet har området på oppsida av skulen. Med både bergområde og leikeapparat å utfalde seg i når det er friminutt. Når dei går over i mellomtrinnet må dei bruke skulegarden som er på nedsida av skulebygget. Der er det ingen leikeapparat. Eller husker. Det er ein fotballbane med slitne eller øydelagde mål og ein skaterampe. I tillegg til eit grønområde med buskar. Og ei basketkorg.

– Det som blei sakna mest då me byrja på mellomtrinnet var fjellet og huskene, seier Roalstad.

Elevrådsleiar Odd Einar Berntsen fortel at alternativa for dei eldste elevane ved skulen er fotballbanen, skaterampa eller ingenting.

– Det er litt ille når ungane spør om kor lenge det att av friminuttet fordi dei ønsker å gå inn frå skulegarden, seier han.

Saknar oppsida: Thea (t.v.), Elise, Eirik og Erik saknar å ha eit utområde tilsvarande dette som dei hadde på småtrinnet.

Skal vera gøyale

– Me vil inn når det ikkje er noko å gjera i friminutta ja. Friminutta skal vera gøyale, men det er ikkje alltid dei er det, seier Austad, som meiner eit klatrestativ eller husker kunne gjorde området betre.

– Det er mange som spelar fotball, men gjer du ikkje det er det ikkje stort å gjera, skyt elevrådsleiaren inn.

Elevane ved mellomtrinnet har laga ei liste med ting dei ønsker seg til skulegarden. Dette er noko av det som står på lista: klatrevegg, klatrestativ, nye fotballmål, basketballbane med meir enn ei korg, oppgradering av skaterampa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei fire sjetteklassingane er samde om at det ikkje verkar som elevar har fått vera med å forme ut skulegarden slik den ser ut i dag. Den stod ferdig i 2013.

Kjedar seg

Ingen nytte: Elise (t.v.) og Thea viser fram grøntarealet på skuleplassen. Dette meiner dei bare er i vegen for leik og moro. Dei skulle helst sett at dei herja buskane blei erstatta med klatrestativ og husker.

Austad fortel at fleire av elevane kjedar seg i skulegarden.

– Inkludert meg sjølv.

Ho og Roalstad visar fram eit stort grøntareal der det er planta buskar.

– Her burde det heller vore leikestativ, seier dei to.

– Dei buskane er bare i vegen for leik, er alle fire samde i.