Rykte ut med to brannbilar til trafikkulykke - viste seg å vera mindre uhell

Klokka 08.36 melder Sør-Aust 110 at dei rykker ut til trafikkulykke via melding frå ecall.

Ulykka skal ha skjedd ved Tokefjorden. To brannbilar er observert på veg mot ulykkesstaden mellom klokka 08.40 og 08.45.

I følgje Sør-Aust politidistrikt framstår som eit mindre uhell og er sjølve ikkje til stades på ulykkesstaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– I samtale med oss har sjåfør forklart at det handlar om eit mindre uhell, seier operasjonsleiar Roger Aaser til Drangedalsposten.