Tek tid: – Det er ei stund til me kan bygge ut vind i Noreg, seier Jørgen Bølling.

– Det er ei stund til me kan bygge ut vind i Noreg

Fagleiar for sol- og fjernvarme Jørgen Bølling frå NVE, har også jobba ti år med konsesjonsbehandling av vindkraft. Han fortel om vind, sjølv om det for NVE nå handlar mest om sol.

Jørgen Bølling forklarte korleis konsesjonsbehandlingar i NVE går føre seg og viste fram statusen i konsesjonsbehandling av solkraft på energiseminaret kommunestyret hadde førre veke.

– Det er ei stund til me kan bygge ut vind i Noreg. Og lite sannsynleg at me kan bygge ein einaste turbin før 2030. Det har ikkje bare me forstått, det har alle utviklarane forstått.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Solkraftverk i vinden

– Vår oppgåve er å gjera dette så transparent som mogleg. Bak neste sving kjem nemleg sol-prosjekta og då er det snakk om store skogareal. Det er 40 eller 50 prosjekt der tusen mål med skog må bli flatplanert som er under planlegging i dag.

Han fortel at det nesten ikkje er vindkraftverk, bortsett frå dei i Drangedal, under planlegging, men mange solkraftverk.

– Vind er ei svært økonomisk utbygging, men utbyggarane veit at det tek lang tid før det kjem til bordet og at og dei kjenner også det politiske miljøet mot vind. Og dei kjenner til at det ikkje er nokon god motstandsorganisasjon organisert mot sol, så der er det mange som luskar rundt i buskene.