Berekraftig: – Drangedal kommune har ein lang tradisjon for lokal delaktigheit, innovasjon og utvikling av tradisjonar i eit langsiktig perspektiv gjennom ein miljøvenleg og berekraftig skognæring, seier Simon Thorsdal.

AT Skog satsar på lokal verdiskaping

Simon Thorsdal legg vekt på at verdiskapinga også må skje lokalt. AT Skog har satsa meir på industri, og kjøpte difor heile Telemarksbruket, som ikkje ligg langt frå Drangedal, i 2021.

Sjef for berekraft og næringspolitikk i AT Skog Simon Thorsdal meiner skog og trebruk er eit gnistrande godt tiltak for å løyse klimautfordringar.

– Drangedal kommune har ein lang tradisjon for lokal delaktigheit, innovasjon og utvikling av tradisjonar i eit langsiktig perspektiv gjennom ein miljøvenleg og berekraftig skognæring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forvaltar saman med skogeigarane

AT Skog er lokalisert i Porsgrunn, omsett for 2,4 milliardar og har 240 tilsette i konsernet.

– Me skaper og forvaltar verdiar. Me forvaltar skogressursar saman med medlemmene våre som er skogeigarane. Me ønsker å utvikle verdikjeda til å bli rasjonell og effektiv i ein global marknad.

Thorsdal nemner utfordringar med stor import av virke. Men i 2005-2008 gjekk importen ned. Det oppstod eit vakuum før eksporten gjekk opp.

– AT Skog står for 14 prosent av eksporten. Resten går stort sett frå Innlandet med tog raka vegen til Karlstad, kor me eigentleg har ein felles tømmermarknad i Skandinavia.

Figurerer i eit lag

– Men det å skipe alt tømmer ut er ei utfordring for ein organisasjon som AT Skog som tenker langsiktig.

Han legg vekt på at verdiskapinga også må skje lokalt. AT Skog har satsa meir på industri, og har kjøpt Telemarksbruket, Eikås sagbruk, Hasås og Lundgrens høvleri.

– Desse figurerer i eit lag. Her skapar me verdiar. Nå ønsker me å utvide kapasiteten på Telemarksbruket slik at me kan auke etterspurnaden etter virke lokalt i desse delane av Telemark.

Oppfordrar til å bygge hus i tre

Thorsdal fortel også litt om prosjektet «Frå stubbe til ku» der skogsmelasse blir brukt til søting av dyrefôr. Det er planar om fabrikk i til produksjon av dette søtingsstoffet, som i dag blir importert frå Myanmar og land i Sør-Amerika.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Nå kan me hente dette frå trevirke frå Drangedal. Eller kor som helst elles i Noreg og produsere søtingsstoffet på anlegget på tau. Og då snakkar me 200 000 kubikkmeter tømmer. Det vil vera den fyrste satsinga etter industrinedlegginga kor me faktisk kan vera med å etablere noko som spør etter ein del av tømmerstokken som det ikkje har vore særleg stor satsing på tidlegare på massevirkesiden.

– Å brenne trevirke kan me gjera i 15 til 20 år, så vil me måtte bruke trevirke på ein meir intelligent måte. Flisfyringsanlegg og fjernvarme blir kanskje då omstilt til annan bruk.

Han meiner at å bygge noko varig av trevirke, som hus, er verkeleg karbonlagring.