Spar-post: Kristin Flom er svært nøgd med å få post i butikk tilbake til Spar etter tolv års fråvær. Sidan 2011 har post i butikk for Prestestranda vore på Extra.

Post i butikk er tilbake på Spar etter 12 år

Frå og med klokka 08.00 i morgon tidleg kan du nok ein gong hente post i butikk på Spar på Kåsmyra.

På oppløpssida: Kristin Flom kikkar bort på arbeidet som blir gjort med å få posttenesta på plass i butikken sin.

Denne gongen var det Spar som vann anbodsrunden for Post i butikk i Drangedal sentrum. Måndag ettermiddag var post i butikk-systemet på flytting frå Extra, som sidan 10. mai 2011 har hatt ansvaret for tenesta.

– Det er nok ein del forandringar sidan sist me hadde post i butikk på Spar. Sist hadde me også Postbanken-systemet, men det har me ikkje lenger. Eg har også eit inntrykk av det er meir pakker nå enn sist. Eg trur netthandelen tok seg opp under covidpandemien og bare har fortsett, seier Kristin Flom, som driv Spar-butikken i Drangedal.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Opplæring: Tove Ottesen (t.v.) og to andre frå Posten skal vera på Spar heile veka for å lære opp dei tilsette på Spar til å handtere post i butikk. Stine Ufs blir postansvarleg på Spar.

Rutinerte med post

Lang fartstid: Tor Flom kan fortelje at Flom-familien daglegvarehandel har vore godt kjent med posttenester i fleire tiår.

Både Kristin og faren Tor Flom er glade for å ha posttenesta tilbake på Spar.

– Det er artig å tilby tenestene me har hatt i mange år tidlegare. Me var tidleg ute med post i butikk, seier han om då Spar fekk post i butikk i Strandgata for fyrste gong 21. mai 2001 då postkontoret la ned i Prestestranda.

Han fortel også om då familien Flom dreiv daglegvarehandel med postansvar på Vefall på 80-90-talet.

– Då var det eit postbod som leverte til Henseid, eit til Sannes og eit til Straume. Me sende til tider ein del post med buss utover mot Ytre Vefall.

Ordnar: Distriktssjef for post i butikk Borghild Aasen (t.v.) og driftskonsulent for post i butikk Eva Aanerud arbeider med å få Spar klar for postkundar dagen før dagen.

Tredje generasjon

Fleire tenester: Kristin Flom er glad for å kunne tilby kundane på Drangedalstunet på Kåsmyra endå ei teneste.

– Nå er eg tredje generasjon med post i butikk. Me synest det er stas å ha endå ein teneste å tilby kundane på Drangedalstunet, smiler Kristin.

Det er Norgesgruppen som styrte med anbodsprosessen på vegner av Spar Drangedal.

– Nå er posttenesta oppe og går frå i morgon tysdag klokka 08.00. Det blir mogleg å bruke tenestene i opningstida vår.

Tidleg måndag ettermiddag var det stor aktivitet inne på Spar-butikken for å få systemet på plass.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Riggar opp: Ronny Wennberg er montør og vaktmeister i Posten. Måndag var han i full sving på Spar på Kåsmyra.