Kunnskapsministeren: Tonje Brenna kjem til Drangedal for å samtale rundt temaet mobbing.

Kunnskapsministeren kjem hit for å snakke om mobbing

– Sjølvsagt må me førebygge mobbing, men me må også finne rom for å tilgje dei som har mobba, seier Drangedal Aps ordførarkandidat Per Esborg.

Saman med resten av Drangedal Ap har Per Esborg invitert kunnskapsminister Tonje Brenna til Tokestua tysdag 30. mai. Då arrangerer partiet ope møte under namnet «Brennande hjarte — eit ope møte mellom Per Esborg og Tonje Brenna». Desse to vil ha ein dialog på scena.

– Ho er kunnskapsminister og øvste ansvarlege for skulen i Noreg. Sidan me har hatt mykje negativ merksemd rundt mobbing i Drangedal vil eg kaste lys på temaet. Tilgjeving og fjerning av tabu blir viktige tema, seier Esborg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mobbekultur og skulemiljø

– Ein mobbar er ikkje vond, men det er nok heller snakk om mangel på kontroll av maktforholdet blant gruppene av skulebarn. Eg ønsker å kaste lys på mobbekultur og skulemiljø.

Møtet er gratis og ope for alle.

– I tillegg håpar eg folk nyttar høvet til å bli betre kjend med både meg og Tonje, avsluttar Esborg.