Samla underskrifter: Aron Haugland viser fram underskriftene som er samla inn i løpet av ein halv skuledag.

Samla inn underskrifter for å bevare ungdomsklubben

Då underskriftskampanjen for ungdomsklubb på Neslandsvatn hadde gått ein skuledag på Drangedal tiårige skule var alt 60 underskrifter samla inn.

Ungdomen på Neslandsvatn blei dei skuffa då dei fekk greie på at drangedalspolitikarane bare løyva halvparten av midla den private ungdomsklubben i stasjonsbygget søkte om.

– Det er kjedeleg og urettferdig, seier Aron Haugland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Underskriftskampanje

Interesse: Martin Torsteinson (t.v.) og Jakob Storbukås slår av ein prat med Aron Haugland før dei skreiv under på at dei ønsker ungdomsklubb på Neslandsvatn. - Me har vore på ungdomsklubben og vil gjerne skrive under, seier dei to.

Han og Lukas Voje fekk då ein idé om vise for politikarane at ungdom frå heile kommunen sett pris på å ha ungdomsklubb kvar veke i Kroken. Då dei reiste på skulen onsdag før jul hadde dei med seg ei kampanje der andre elevar kunne skrive under. Under teksten «Vi vil ha ungdomsklubb på Neslandsvatn» hadde det samla seg mange namnetrekk då Drangedalsposten tok ein tur innom skulen på føremiddagen.

– Underskriftskampanjen har gått over all forventing. Dei samla inn 60 underskrifter fyrste dagen og me reknar med fleire, seier Thea Fjørtoft, som driv den private ungdomsklubben.

Ho meiner dette viser at ikkje alle ungdom har lytta til når ungdomsklubbtilbodet i Drangedal har blitt arbeidd med.

– Ungdomen ønsker eit tilbod på Neslandsvatn. Nå har også private ønskt å støtte oss økonomisk for å halde på tilbodet til ungdomen, men me treng noko meir langsiktig. Ungdomen her byrjar å bli leie av å kjempe. Dei vil bare gå på ungdomsklubb, seier Fjørtoft.