Fallvilt: I følgje Jørgen T. Bø går det med 5-6 elg i trafikken kvart år. Denne gongen var det toget som kolliderte med elg. ARKIVFOTO

Toget køyrde på elg - ettersøkskorpset måtte ut for å søke

Ein lokførar trudde han hadde køyrd på to elg, men etter ettersøkskorpsets søk kan det vise seg at det berre var eit dyr som blei treft av toget.

12. januar klokka 20.00 fekk politiet melding frå ettersøkskorpset om at dei jaktar to elg som skal ha blitt påkøyrd av toget ved Jerpantjennveien. Den eine elgen blei funne og skoten. Den andre måtte ettersøkskorpset søke etter.

– Ettersøkskorpset spora og søkte etter ein elg til, men det viste seg at det berre var den eine av elgane som blei påkøyrd av toget. Det er søkt grundig og ikkje funne spor etter den andre, seier Jørgen T. Bø, som er medlem av ettersøkskorpset.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han fortel at det brukar å gå med 5-6 elg, 40-50 rådyr og 5-6 hjort som fallvilt i trafikken generelt kvart år.

– For toget er det spesielt strekningane mellom Kjosen og Nakksjø, og Voje og Kroken, ulykkene som oftast skjer, seier Bø.