Fulle ungdomar: Politiet fekk ein halvtime inn i sundagen melding om fulle ungdomar på Gautefall.

Fulle tenåringar på Gautefall

Ein halv time inn i sundagen fekk politiet melding om alkoholpåverka ungdom i alderen 15 til 18 år.

Ungdomen skal ha vore på hyttetur på Gautefall. Hendinga er ikkje knytt til etablerte serveringsstader i området.

– Dei hadde tatt seg ein tur på afterski og fått i seg alkohol. Faren til den eine ungdomen fekk varsla dei andre foreldra og saka løyste seg, seier politistasjonssjef Øystein Skottmyr.