Openheit: Halvor Olsen lika ikkje at kommunedirektør Hans Bakke ikkje ville ha han til stades under eit administrativt møte om vegsamband mellom Nissedal og Drangedal over Kyrkjebygdheia.

Forlèt administrativt møte om vegen over Kyrkjebygdheia

Kommunedirektørane og plansjefane frå Drangedal og Nissedal kommune møtte kvarandre for eit møte i høve vegen vidare over Kyrkjebygdheia. Halvor Olsen fekk grønt lys til å vera med på møtet som dagleg leiar av Kyrkjebygdheia AS stelte i stand, men då kasta, ifølgje Olsen, Hans Bakke han ut.

Kommunestyrerepresentant Halvor Olsen har over lenger tid interessert seg for vegen frå Bø i Tørdal over heia til Nissedal og har i det høvet hatt fleire møte og synfaringar med eldsjeler for denne vegen. Han reagerer på at det blei heldt møte mellom kommunane Drangedal og Nissedal med to representantar kvar 7. februar, saman med leiar for Kyrkjebygdheia AS Halvor Grimstvedt og hans konsulent, utan at noko er loggført i kommunens system ennå. Han har skrive ein interpellasjon om dette til torsdagens kommunestyremøte. Drangedalsposten har tatt ein prat med Olsen, der han stadfestar det same som står i interpellasjonen.

– Dagleg leiar for Kyrkjebygdheia AS fortalde meg at han hadde tatt initiativ til eit møte mellom Nissedal kommune og Drangedal kommune. Eg spurte han då om eg fekk lov til å vera med på dette møtet,. Noko han stadfesta, seier Olsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ville unngå trøbbel

Sp-politikaren møter opp på trappa til kommunehuset i Treungen 7. februar og går inn saman med representantane frå Drangedal kommune, kommunedirektør Hans Bakke og plansjef Mona Straume.

– Då me har sett oss blir eg spurd kvifor eg er der og eg svarar at eg er interessert i den vegen over Kyrkjebygdheia og ønsker mest mogleg informasjon, og at eg i tillegg er kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Drangedal.

Olsen fortel at kommunedirektør Bakke tek ordet og gjev beskjed om at han ikkje vil at kommunestyrerepresentanten skal vera til stades. Då spør Olsen om det er eit lukka møte og får beskjed om at det er ikkje er det.

– Ingen andre enn kommunedirektøren frå Drangedal seier noko. Eg vel då å forlate møtet for å ikkje lage meir trøbbel, seier Olsen.

Ønsker openheit

På veg heim sender Olsen ein sms til ein av representantane frå Nissedal kommune og ber ho få med i referatet frå møtet at det blir protokollført at han blei bedd om å forlate møtet. Etter eit par timar får han beskjed om at det ikkje skulle skrivast noko referat frå møtet. Noko Olsen synest er merkeleg etter siste vekers hendingar i Porsgrunn og Nissedal.

Deretter ringer han ordføraren i Drangedal for å høyre kva ho tenker om dette.

– Ho svarar at det vil ikkje ho gjera noko med, det får eg styre med sjølv. Eit skuffande svar frå ordførar frå mitt eige parti som eg har gjeve røysta mi til.

I ettertid skal Olsen ha fått høyre at det har blitt gjort avtaler om vegen vidare. Han spør seg kvifor dette ikkje har blitt protokollført.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg håpar for Drangedal at me kan vera ein open og inkluderande kommune og at avtaler og møte er offentleg kjend, seier Olsen i ein interpellasjon til kommunestyret som har møte torsdag denne veka.

Der stiller han spørsmål om korleis ordføraren vil sikre at alle møte av offentlegheitas interesse er tilgjengeleg for allmenta. Han stiller også spørsmål om korleis ordføraren vil sikre at det ikkje blir gjort avtaler utan at allmenta har moglegheit til innsyn Til sist lurar han på korleis ordføraren vil sikre god informasjonsflyt til dei folkevalde.

Olsen legg til at han i ettertid av møtet har blitt ringd opp av ordføraren i Nissedal (som ikkje var med på møtet) og at dei hadde ein svært fin og ryddig samtale om det som hadde skjedd på møtet. Då blei Olsen endå meir sikker på at interpellasjonen er rett å fremje.