Høyr oss: Gaute Ottekjær (t.v.), Torbjørn Løvstad Maurlia, Henrik Dalen, Atle Strand Andreasen, Aron Haugland, Malin Tveit og Engla Haugland ber politikarane høyre på ungdomen, og ikkje bare ungdomsrådet, i spørsmål om ungdomsklubb.

Ungdomsklubbtilbodet: - Urettferdig! Me blir ikkje høyrd

Fleire ungdomsskuleelevar ved Drangedal 10-årige skule sit som spørsmålsteikn etter kommunen presenterte dei nye ungdomsklubbplanane for dei førre veke.

Hensikta ved møtet var å informere, glede og begeistre komande brukarar av ungdomsklubben. Framdriftsplan, romfordeling, møbleringsplan, fargar og materialval var blant områda det blei informert om og sett fokus på då 8. februar då kommunen heldt ein presentasjon av Smilehullet-prosjektet. Elevar frå 6 og 7. klasse og ungdomstrinnet var til stades.

– Me som skule kunne vore meir tydelege i vår bestilling av presentasjonen frå kommunen. Skulens intensjon er at elevane blir tatt med i prosessen vidare, seier rektor ved Drangedal 10-årige skule Siv Siril Bjørnback.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Nesten ikkje plass til oss

Rømningsvegar: Gaute Otterkjær (t.v.) og Torbjørn Løvstad Maurlia meiner informasjonmøtet om ungdomsklubben i Smilehullet var keisamt. - Dei snakka om rømningsvegar og isolasjon, seier Maurlia.

Drangedalsposten møter eit knippe ungdomsskuleelevar og slår av ein prat. Dei er langt frå nøgde etter presentasjonen av ungdomsklubben i Smilehullet.

– Det var keisamt å høyre på. Dei snakka om rømmingsvegar og isolasjon, seier Torbjørn Løvstad Maurlia og Gaute Otterkjær.

Plass: Aron Haugland, Malin Tveit og Engla Haugland (t.h.) vil ha meir plass til ungdom og mindre av yogarom.

– Dei har laga bibliotek og yogarom, men nesten ikkje plass til oss, seier Engla Haugland.

Ho fekk inntrykk av fargene i lokalet alt er bestemd.

– Me burde fått vore med å bestemme meir. Me vil ikkje ha grå fargar, seier Maurlia, og får støtte av Henrik Dalen og Atle Strand Andreasen.

Rosar privat ungdomsklubb

Vera med: Henrik Dalen (t.v.) og Atle Strand Andreasen vil vera med å bestemme meir når det kjem til eit ungdomsklubbtilbod dei sjølve skal bruke.

– Dessutan er det viktig med god plass, seier Andreasen.

Alle dei sju ungdomsskuleelevane er samde om at den private ungdomsklubben på Neslandsvatn er betre enn det kommunale mellombels tilbodet på Røde kors-huset i Prestestranda.

– På ungdomsklubben i Kroken lærer me å lage mat, får hjelp med lekser og har god plass. Dei vaksne får oss til å frivillig legge vekk mobilen for å heller spela kort og spel saman. Då me feira Halloween laga me alt sjølve og det var lærerikt, seier Maurlia.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Engla Haugland har inntrykk av at det er dobbelt så mange som besøker den private ungdomsklubben på Neslandsvatn enn den kommunale på Røde kors-huset.

– Politikarane burde heller bruka pengar på ungdomsklubben på Neslandsvatn enn alle dei millionane dei brukar på Smilehullet, seier Dalen.

– Ja, politikarane burde høyre meir på ungdomen, og ikkje bare på ungdomsrådet. Dette er urettferdig, avsluttar Maurlia.