Håpefulle rektorar: Vidaregåande skule-rektorane Jon Helge Bergane og rektor Arne Grave fekk att trua på Go-Ahead og Bane NOR etter folkemøtet i Bø torsdag kveld.

Rektorane om togtilbodet på Sørlandsbanen: – Nå byrjar me å tru på dei att

Rektorane ved dei vidaregåande skulane i Bø og Nome har vore fortvila over togtilbodet dei til saman 56 elevane frå Drangedal har stått i dette skuleåret. Etter førre vekes folkemøte med Go-Ahead og Bane NOR byrjar dei å få trua på at skuletransporten vil betre seg.

Applaus: Rektoren frå Bø vidaregåande hausta stadig applaus frå salen under innlegget sitt.

Det var mange engasjerte som møtte opp på togmøtet på Gullbring kulturanlegg i Bø torsdag kveld førre veke. Blant dei var rektor Jon Helge Bergane ved Bø vidaregåande skule og rektor Arne Grave ved Nome vidaregåande skule. Etter møtet fortel dei Drangedalsposten at dei synest informasjonen frå Bane NOR og Go-Ahead var sakleg og framtidsretta.

– Nå byrjar me å tru på dei att. Informasjon om situasjonen er viktig. Dei er ærlege på kor utfordringane ligg, seier Grave.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stoppa i Kjosen

Bø: Jon Helge Bergane kan ikkje hugse noko problem med snø, sporvekslar, manglande mannskap eller noko som helst då skuletoget gjekk på tidleg 70-talet. For dagens elevar er kvardagen ein heilt annan kan han fortelje.

Ved Nome vidaregåande er det 39 elevar som tek skuletoget, i Bø er det 17. Begge rektorane heldt innlegg for den stappfulle møtesalen.

– Eg byrja som elev ved Bø vidaregåande skule i 1973. Då var det skuletog med to vogner som pendla mellom Neslandsvatn og Nordagutu. Mogleg eg har fortrengt dette, men eg kan ikkje hugse noko problem med snø, sporvekslar, manglande mannskap eller noko som helst, starta Bergane sitt innlegg til humring og applaus frå salen.

– Derimot hugsar eg at togførar stoppa i Kjosen og slapp av kjosungar som ville sleppe å ha lang veg heim. Så tidene forandrar seg, la han til.

Bergane fortalde kor viktig Sørlandsbanen er for Bø vidaregåande skule frå landsgymnasets tid og fram til nå. Det er frakta tusenvis av elevar frå Drangedal og Neslandsvatn til Bø.

– Me må jo håpe at det blir slik i fortsetjinga.

Håpar på ei betre framtid

– I vinter har eg synest synd på elevar som har lang og kronglete reiseveg frå før og kva dei har måtte gjennomleve.

Han er uroa for at folk endrar reisevanar, og meiner det er viktig at ungdomen ser at toget er presist og går.

– Eg merkar på meg sjølv, mine tilsette og kona mi at me alle har blitt skeptiske til om me når fram i tide. Det er det skumlaste som kan skje. Framtida er grøn og det gjeld å satse på jernbanen, og få den opp å gå.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rektoren meiner det er for enkelt å legge skulda på Bane NOR og Go-Ahead.

– Dette dreier seg om 13-14 regjeringar som har svikta i løyver til norsk jernbane. Så nå håpar me på ei betre framtid.

Elevar ventar i timar

Lunde: Arne Grave har stadig telefonar frå føresette eller foreldremøte som handlar om skuletransport og toginformasjon.

– Me har 39 elevar som tek toget kvar dag til Lunde. Takka vera Go-Ahead så er eg på førenamn med alle saman, og mange av deira føresette. Det har vore tema på foreldremøte og telefonar, og det har vore svært mykje negativt fordi det har vore for dårleg kommunikasjon og informasjon, sa rektor ved Nome vidaregåande skule og avdeling yrkesfag i Lunde Arne Grave.

Rektoren fortel at han har full respekt for at det oppstår trøbbel og at det kan vera vanskeleg å drive tog med den utfordringa som er. Men at det ikkje blir klart å informere og at elevar står i to timar og ventar utan å få ein beskjed og må gå heim. Eller at dei står ein time og ventar, og det kjem ein minibuss som har plass til halvparten av elevane meiner han ikkje kan bli forsvart.

– Det er nærskuleprinsippet som gjeld i Telemark. Når toget går er Lunde og Bø nærskular for drangedalselevane. Utan at toget går så er det like kort veg til Kragerø. For oss handlar det om føreseielegheit og økonomi. Så lenge elevar faktisk finansierer skular er dette eit fundament for korleis me skal drive skule.

16-åringar burde få bu heime

– Me som skule saman med elevane frå Drangedal er kjempeopptekne av at toget går, og viss det ikkje går at alternativ transport blir sett opp slik at elevane skal kunne koma seg på skulen og stole på det.

Grave legg vekt på at 16-åringar som kan bu heime ikkje burde bli tvunge til å bu på hybel.

– Me ønsker at dei skal kunne bu heime og ha eit tog som fungerer. Og at me skal kunne vera ein god nærskule for elevane på andre sida av Drangedalsheia.